– Ekstremt unytta potensial

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møreforsking har gjennomført eit prosjekt saman med Fjellsportfestivalen, Ekstremsportveko, Norsk Fjellfestival, World Base Race, Stryn Sommarski og X2. Prosjektet viser at alle arrangementa, kanskje utanom Ekstremsportveko, slit med økonomi og administrasjon. Målet med prosjektet var å sjå nærare på ekstremsport som grunnlag for reiseliv og busetnad.

– Prosjektet har ei brei tilnærming, og vi har prøvd å sjå nærare på samanhengen mellom ekstremsport, reiseliv og busetnad. Eg tykkjer at arbeidet har vist at det ligg eit potensial i å satse på denne typen tilnærmingar, og festivalane framhevar det som er ekstra bra med ein stad og det er fleire moglegheiter. I tillegg er det meir å hente ut av potensialet. Kvar stad har sine ting som dei er spesielt gode på, og festivalane er spesielt retta mot ungdom. Dette er ei litt anna målgruppe enn det ein vande frå Distrikts-Noreg, seier prosjektleiar Else Ragni Ytterdal ved Møreforsking.

LES OGSÅ: Stadig fleire vil fly

– Ikkje etablert seg skikkeleg
– Alle slike festivalar har utfordringar rundt økonomi og administrasjon. Ekstremsportfestivalar er relativt nytt, og ein har ikkje fått etablert seg enno. Samanlikna med ein kulturfestival spelar ekstremsportfestivalane på det som er unikt for dei ulike stadene. Eg trur det er potensial med å jobbe ut frå dette rundt bulyst og reiseliv. For t.d. Moldejazz er det vanskeleg å byggje noko meir rundt festivalen, og slike festivalar har ikkje same potensial som ekstremsportfestivalane når det kjem til reiseliv og bulyst.

– Voss eit hakk føre
Av ekstremsportfestivalane på Vestlandet er det Ekstremsportveko på Voss som har kome lengst. Dei har bygd seg opp gradvis og har i dag ein administrasjon som jobbar med festivalen året rundt.

– Det er ikkje nokon støtteordningar for festivalane, og dei har vorte til gjennom lokal entusiasme. For å vidareutvikle seg må dei opp eit nivå noko som Voss har fått til på inntektssida. Dette vil igjen gje moglegheiter for vidareutvikling, seier Ytterdal.

LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

Spørjeundersøkingar
Datane som er henta er mykje frå spørjeundersøkingar som viser at det er tilfelle der festivalane har vore ein del av grunngjevinga for å flytte til staden. Ytterdal understrekar likevel at årsakene til å folk flyttar er samansette, og at ein ikkje sitt igjen med eit klart svar.

– Undersøkinga frå arrangementa viser at det er gode moglegheiter knytt til slike personar. Det er potensial, men det er også føresetnader som at ein må bruke arrangementa målbevist i ei satsing. Eit eksempel er leiaren for Ekstremsportveko som har flytta til Voss grunna festivalen, og det er også tilfelle frå Sogndal, seier Ytterdal.

– Byggjast opp over tid
Sjølv om X2 festivalen ikkje er så stor i landsmålestokk meiner Ytterdal at det også ligg potensial i Ørsta og Volda som ein ikkje har nytta seg av.

– Vi har kort sett nærare på større området som har ei satsing på ekstremsport knytt til bulyst og reiseliv, og som har ein infrastruktur på plass. Dette er noko som må byggjast opp over tid, og stein for stein. Ein må også ha eit tilbod til breidda, og det må ikkje berre verte ein «happening». Her er ulike føresetnader, men dette er noko som vi må sjå nærare på.

LES OGSÅ: Vilt og vått ved fjorden

– Ikkje eit sluttprodukt
Prosjektet som Møreforsking no har gjennomført er eit forprosjekt som ein ynskjer å ta vidare.

– No har bygd eit fundament, og det er ikkje eit sluttprodukt. Vi ynskjer å bruke det i ei vidare satsing i tett samarbeid med festivalane, og vi håper det også er interesse i lokalmiljøet.

– Det viktigaste som ligg i forprosjektet er at vi har peikt på at det er potensial mellom dei tre elementa. Det ligg ikkje noko klart svar i rapporten, men vi har peikt på moglegheiter som er reelle. Rapporten viser at det er kompetanse og naturlege føresetnader som ein kan byggje vidare på, seier Ytterdal.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Faktaboks