Stadig fleire vil fly

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

35 prosent av alle unge mellom 18 og 40 år driv med såkalla risikosport, syner internasjonale undersøkingar.

– Ti prosent av oss har eit gen som gjer at vi søker risiko, men det er mange fleire enn desse som driv med risikosport. Det er interessant, seier forskar Tommy Langseth ved Høgskolen i Telemark. I doktorgraden sin som nett er ferdig studerte han kva for sosiale faktorar som gjer at folk vel å drive med risikosport.

Han definerer risikosport som sportar der risiko vert dyrka, og du står i fare for å verte alvorleg skadd eller døy viss du gjer feil eller noko gale skjer.

Heilt hekta
Joar Vaardal-Lunde frå Bergen vart med på eit paragliderkurs for tre år sidan.

– Eg skulle byrja med det tidlegare, seier han. Han stortrivast med sporten og meiner det er ein fin måte å kople av på.

– Frå du flyr frå fjelltoppen til du står på bakken er det ikkje mykje anna som betyr noko.

Så langt har han vore kring 130 timer i lufta. Han prøver å kome seg ut når det er vêr til det. Siste tur var under Ekstremsportveko på Voss, då flaug kring fire mil frå Voss til Gudvangen. I to og en halv time hadde han berre luft under seg.

Pop med hjelmkamera
Langseth påpeikar at med sosiale media og nettstadar som YouTube får einskilde presentasjonar ei mykje lengre levetid. Presentasjonen kan sjåast av mange fleire enn berre dei som var til stades.

– GoPro-hjelmkamera har vorte enormt populære. Om ein ser på presentasjonane sine som en form for symbolsk kapital, så kan dei lagrast ved hjelp av bilete og video og setjast i banken, seier Langseth.

LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane!

Vil vere annleis
Han meiner risikosport òg er eit uttrykk for den individualistiske utviklinga i samfunnet.

– Folk er veldig opptekne av å skilje seg ut. Ein skal vere annleis. Ein fin måte å gjere dette på er å syne at ein ikkje er eit A4-menneske, men eit menneske som grip dagen.

For fridomen
Vaardal-Lunde er ikkje einig i at å syne for omverda kva han gjer, er grunnen til at han driv med paragliding.

– Det er berre nokre månadar sidan eg vart medlem på Facebook. Hovudårsaka til at eg likar å drive med paragliding er kjensla av fridom, fortel han.

Fleire ekstreme
Den årlege Ekstremsportveko på Voss har hatt ei formidabel utvikling sidan byrjinga i 1998. Kring 200 deltok det fyrste året, då vart mellom anna Norgesmesterkapen i rafting arrangert under veko.  Under årets festival som byrjar måndag er det venta 1200 utøvarar frå 30 ulike nasjonar. Dei konkurrerer i 11 ulike klassar.

Fleire eldre deltek
Tidlegare dagleg leiar Margrethe Alm i Ekstremsportveko har sett ei utvikling i alderen på utøvarane som driv med ekstremsport.

– I byrjinga var målgruppa vår dei mellom 18 og 30 år, no er det frå 18 til 40. Om 20 til 30 år vil vi for fyrste gong oppleve at 60-åringar driv med idrettar som er representert på festivalen vår, seier Alm.

Fleire i lufta

Luftsportforbundet har og merk ei auke i talet på aktive. Frå 2000 til 2010 auka talet på utøvarar i lufta med 45 prosent, til nær 5000.

– Vi har ei stadig auke innafor dei aktivitetar som verker som dei mest utfordrande, seier generalsekretær John Erik Laupsa i Luftsportforbundet.

Les òg: Treninga med livet

Samstundes har tradisjonelle aktivitetar som seglflyging hatt ein tilbakegang.

Laupsa understrekar at forbundet legg vekt på tryggleik.

– Vi er svært opptekne av at alt skal skje innan dei rammer og regler for tryggleik som er godkjend av staten, seier Laupsa.

Sjå nokre av Youtube- og Vimeo-videoane frå årets ekstremsportveke:

Ekstremsportveko 2012 – Today's video 26.06.2012 from Vivi Sponland on Vimeo.

Ekstremsportveko 2012- Todays Video- BEST OF from Vivi Sponland on Vimeo.