Der ingen skulle tru at alle kunne bu

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her bur halvparten av alle nordmenn

Kartet under viser kvar halvparten av alle nordmennene bur. Det er henta frå karttenesta til Statistisk sentralbyrå av Stian Skår Ludvigsen, som la det ut på Twitter. Han vart inspirert av at den amerikanske demografen Conrad Hackett gjorde det same med USA.

Fire av fem millionar innbyggjarar i Noreg bur i til saman 990 tettstadar, viser tettstadstatistikken til Statistisk sentralbyrå.

Om ein deler opp Noreg i ruter på 5 x 5 kilometer, bur det folk i 7686 slike ruter. Ganske nøyaktig halvparten bur i 126 av dei, og det er dei du ser i blått her:

Halvparten av alle nordmenn bur innanfor dei blå prikkane på dette kartet, som er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Halvparten av alle som bur i tettstadar, altså to av fire millionar nordmenn, bur i ti tettstader.

Det er desse: Oslo, Bergen, Stavanger/Sandnes, Trondheim, Drammen, Fredrikstad/Sarpsborg, Porsgrunn/Skien, Kristiansand, Ålesund og Tønsberg.

Då er tettstadane rekna som ikkje berre kommunane. Til dømes bur 660 000 menneske i Oslo kommune, medan SSB reknar seg fram til 975 000 innbyggjarar i tettstaden Oslo.

Lonely planet

Det er altså om lag éin million nordmenn som ikkje bur i nokon av dei 990 tettstadane. Her er definisjonen slik at det må vere 200 innbyggjarar for at det skal vere ein tettstad, og Finnestad i Østfold er den minste, med 204 innbyggjarar.

Men kva hender om ein snur om på det tettbygde kartet, og ser etter dei tynnast befolka områda? Her er dei tjuefem kvadratkilometer store rutene der det berre bur éin person. Det kan vere til god hjelp om du leiter etter einstøingar.

Er dette Noregs mest einsame kart? Kvar prikk er eit område på tjuefem kvadratkilometer der det berre bur éin person. Kartet er henta frå Statistisk sentralbyrå.