Viktig miljøsiger for Noreg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er svært gledeleg at EFTA-domstolen støttar retten til Noreg til å forby miljøgifta PFOA for å beskytte helse og miljø, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ei pressemelding.

PFOA er eit såkalla perfluorert stoff. Stoffet er giftig, det blir ikkje brote ned, men hopar seg opp i miljøet og i menneske. Forskingsresultat frå Folkehelseinstituttet viser at PFOA blir overført frå mor til barn via blod i navlestrengen og morsmjølk.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) er glad for at Efta støttar Noreg i forbodet mot det skadelege stoffet PFOA. Foto: Klima- og miljødepartementet.

– Siger for miljøet

Ifølgje Klima- og miljødepartementet er det viktig å regulere PFOA fordi det er giftig, det kan gi redusert fødselsvekt hos barn, det kan auke kolesterolnivået hos menneske og fordi ein er bekymra for om stoffet kan gi testikkel- og nyrekreft, overvekt og tarmsjukdom.

Noreg innførte eit nasjonalt forbod mot denne miljøgifta i 2014. Det førte til at EFTAs overvakingsorgan (ESA) klaga Noreg inn for EFTA-domstolen. ESA meinte at heile prosessen med å regulere kjemikaliar skal skje gjennom EUs kjemikalieregelverk REACH, som er ein del av EØS-avtalen, og at Noreg derfor ikkje har høve til å innføre eigne nasjonale reglar.

– Dommen i EFTA-domstolen som støttar retten til Noreg til å forby miljøgifta PFOA, er ein viktig siger for Noreg, miljøet og norske forbrukarar. Men den er også viktig for andre land i EØS, seier Vidar Helgesen.

Jobbar for globalt forbod

Etter mange års innsats, leidd av miljømyndigheitene i Noreg og Tyskland, blei det på slutten av fjoråret kjent at EU vil forby miljøgifta PFOA. Forbodet vil tre i kraft i 2020 og omfattar PFOA og eit hundretals andre stoff som kan bli brote ned til PFOA.

EU-kommisjonen jobbar også for eit globalt forbod mot stoffet. Dette er viktig fordi stoffet ikkje berre blir spreidd gjennom produkta det blir brukt i, men også via hav- og luftstraumar på tvers av land og kontinent.