– Plutseleg var klasserommet fullt

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.10.2017 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Sunnhordland.

– Det er rimeleg av regjeringa å kunne krevja at me må møte opp når vidaregåande er frivillig, meiner Sunniva Grov Framnes.

Ho og Vegard Røssberg vart ferdige på vidaregåande i vår.

– Fråværsregelen gir deg eit push til å komma på skulen, seier Røssberg som gjekk på studiespesialisering ved Stord vidaregåande skule.

Motivasjon

Sunniva Grov Framnes, som gjekk dei to siste åra av vidaregåande på Bergen private gymnas, fortel at fråværsregelen gav henne motivasjon til å gå på skulen.

– Det vart høgare terskel for å skulka, slår Framnes fast.

Begge avgangselevane fortel at dei opplevde at folk tok undervisninga meir på alvor etter at fråværsregelen vart innført.

– Plutseleg var klasserommet fullt, seier Røssberg om kva som skjedde i fjor haust då regelen vart innført.

– «Quickfix»

Kritisk: Anna Sofie Ekeland Valvatne var initiativtakar til den nasjonale elevstreiken mot innføringa av fråværsgrensa i 2015. Arkivfoto (Foto: Sunnhordland)

Anna Sofie Ekeland Valvatne frå Stord, som er nestleiar i Hordaland Sosialistisk ungdom, er sterk motstandar av fråværsregelen og kallar det ein «quickfix» på eit større problem.

– Fråværsregelen hindrar skulesystemet i å fange opp dei som slit, meiner den tidlegare leiaren i Stord sosialistisk ungdom.

Ho fortel vidare at ho likevel ikkje er overraska over at fråværet har gått ned etter at regelen vart innført.

– Det er som venta, fordi elevane vert skremde til å gå på skulen sjølv om dei ikkje er i stand til det, seier ho.

Skeptisk

Framnes fortel at ho var litt skeptisk til fråværsregelen i byrjinga då ho først høyrde om han.

– Men no er eg sikker på at den kjem til å styrkja skulesystemet, fortel ho og legg til at ho synest det er viktig med disiplin i skulen.

Røssberg fortel at han opplevde at lærarane vart meir observante, og tok tidlegare tak dersom dei la merke til at nokon var mykje vekke.

Det var i fjor haust at regjeringa innførte den nye og mykje strengare fråværsregelen, som seier at ein ikkje kan ha meir enn 10 prosent udokumentert fråvær for å få karakter i eit fag. I tillegg er det ei skjønnsgrense på opp mot 15 prosent, der rektor kan vurdere om det likevel er grunnlag for å gje karakter i faget.

Det var store protestar mot reglane, og Stord var ein av stadene der elevane aksjonerte.