YOLO


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I midten av juni skjedde ein aldri så liten revolusjon i den norske bilparken. For den nette sum av 9 000 kroner kan du no kvitta deg med dei keisame bilskilta, og i staden køyra rundt med personlege bilskilt. Ordninga er veldig grei: Du får retten til å bruka det personlege skiltet i ti år, og det er første mann til mølla som gjeld.

Men det er ikkje alle ord som er like populære. Superenkel forsking viser at det ofte er positivt ladde ord som først forsvinn. Eller blir tatt i bruk, som strengt tatt er meir presist.

Søkjer du til dømes på «GUD», får du til svar at nokon andre har kome deg i forkjøpet. Derimot er «SATTAN» framleis ledig («Satan» er ikkje ein godkjent teiknkombinasjon, så me får ta det nærmaste me kjem).

Eit anna ord som framleis er ledig, ein snau månad etter at det blei lov med personlege skilt, er «BOKMÅL». Blant 5,2 millionar nordmenn finst det ikkje ein bileigar som ønskjer å køyra rundt med «BOKMÅL» på skilta.

Blant 5,2 millionar nordmenn finst det ikkje ein bileigar som ønskjer å køyra rundt med «BOKMÅL» på skilta.

«NYNORSK» derimot, var eitt av dei første orda som blei tatt.

Forklaringa finn me kanskje i retningslinjene til vegvesenet. Det er nemleg ikkje lov med ord og uttrykk som er støytande.

Sjølv kunne eg godt tenkt meg eit heilt anna ord på bilskiltet. For det er ikkje til å koma unna at ein sender visse signal når ein tar seg bryet med å byta det tradisjonelle registreringsnummeret med ein personleg kombinasjon av tal og bokstavar. Du bør meina noko med det, eller så kan du like godt la det vera.

Då Anders Totland var 20 år, kjøpte han ein Toyota Corolla med namnet CHRISTINA på heile panseret. Kjærasten Ragnhild tok det med fatning.

Det lærte eg då eg kjøpte min første bil som 20-åring. 3.000 kroner betalte eg for ein sliten Toyota Corolla, som den førre eigaren hadde måla blå med husmåling. Over heile panseret stod det, med lyse bokstavar: «Christina».

Kanskje ikkje heilt ideelt, sidan eg nettopp hadde blitt kjærast med ei som heitte Ragnhild. Heldigvis tok ho det med godt humør.

Men altså: Ordet eg kunne tenkt meg, dersom eg hadde hatt 9.000 kroner til overs (og då meiner eg sånn verkeleg til overs, at det ikkje hadde vore noko anna i verda eg kunne brukt dei pengane på), er strengt tatt ei forkorting. Og ikkje nok med det. Forkortinga er på engelsk.

På bilskilta mine skulle det stått «YOLO». Der har du ein bodskap eg kan stå inne for. Spesielt på bilskilt.

Kult, hæ?

På bilskilta mine skulle det stått «YOLO».

Kanskje det. Men for å vera heilt ærleg, meiner eg det ikkje sånn som fallskjermhopparane når dei hoppar ut av flyet og skal fortelja fuglane at dei nyt livet til fulle. Meir som ei påminning til dei som kjem bak:

«Du lever berre ein gong.»

Det kan vera greitt å tenka på, når du er for seint til ferja og planlegg ei forbikøyring med litt for dårleg sikt.

Det er kanskje ikkje så kult, men det skal eg heller klara å leva med.