Foreslår pengebøter for misbruk av verna titlar
Kunnskapsdepartementet vil at misbruk av titlar, grader og nemningar på institusjonar skal gi bøter på opp mot 200.000 kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil gje deg bot om du lyg på deg utdanning
Ulovleg bruk eller tildeling av titlar, grader eller institusjonsnemningar kan bli straffa med bøter opptil to gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda, skriv Khrono.
Det vil seie 187.268 kroner, kjem det fram i høyringsnotatet som er sendt ut til universitets- og høgskolesektoren.
Forhindre misbruk av verna titlar
Ifølgje notatet gir universitets- og høgskulelova heimel til å gi bøter for misbruk av verna titlar og grader, til dømes tittelen professor eller gradene bachelor og master. Dette gjeld også misbruk av nemningane universitet og høgskule.
No kjem Kunnskapsdepartementet med eit forslag til forskrift, som set fast storleiken på bøtene.
Den skal også gjelde ulovleg bruk av nemningane fagskule og fagskuleutdanning, og skal tre i kraft 1. januar 2018. Forslaget er på høyring med frist 15. september.
Bruken av «professor» blei skjerpa inn
I fjor sommar sende Kunnskapsdepartementet ut eit strengt brev til alle universiteta, høgskular og forskingsinstitutt, om at bruken av tittelen professor blei skjerpa inn.
I brevet stod det at den som misbrukar tittelen, anten det er forsettleg eller aktlaust, kunne bli straffa med bøter. Det gjaldt også viss «professor» er ein del av ein tittel, for eksempel forskingsprofessor.
Bakgrunnen for brevet var at departementet hadde sett at tilsette ved universitet, høgskular og institutt kallar seg til dømes forskingsprofessor, sjølv om dei ikkje er tilsett som professorar.
– Vi blei kjent med at tilsette ved enkelte institusjonar lèt seg intervjue som forskingsprofessorar, sjølv om dei ikkje har rett til å bruke professor-tittelen, og tykkjer det er fornuftig å minne dei om at dette er ein beskytta tittel, sa statssekretær Bjørn Haugstad til Khrono i fjor sommar.