Her brenner norske nynazistar regnbogeflagg

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 05.07.2017 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den høgreekstreme gruppa Den nordiske motstandsbevegelsen har i dag lagt ut ein film på YouTube som viser at aktivistar frå gruppa stel regnbogeflagg frå Oslo S og set fyr på dei. Det melder Blikk.

Ingvild Endestad er leiar i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. Foto: FRI

– Det er eit feigt stunt gjort av nokre få personar på natta. Likevel har det ein sterk symboleffekt, men me må hugsa at 40.000 gjekk i parade i helga og fleire hundre tusen heia fram eit samfunn med plass til alle, seier Ingvild Endestad, leiar i FRI til Framtida.no.

I mai skreiv ho ein kronikk med tittelen «Ikke vent til flagget brenner», med referanse til den planlagde demonstrasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen skulle ha i Fredrikstad under parolen «Knus homolobbyen».

– Kva kan me som samfunn gjera mot sånne aksjonar?

– Det viktigaste me har gjort er at så mange personar står saman og ønskjer at alle skal høyre til. Det gjer effekten av slike aksjonar mykje mindre, for me får vist kor mange me er, og kor få dei er.

Blir meldt til politiet

Regnbogeflagga som blei stolne sist veke hang på Oslo S i samband med Pride. Marknadsdirektør Kristin Paus i Bane Nor Eiendom sa då til VG at dei ikkje visste om det var nokon som ønskte seg eit Pride-flagg, eller om det var nokon som ikkje ønskte å sjå Pride-flagg i hovudstaden.

I dag seier Bane Nor Eiendom til Blikk at dei vil melda forholdet til politiet.

Den nordiske motstandsbevegelsen kallar flaggtjuveriet og -brenninga for «Anti-Pride-aktivisme», og omtalar homorørsla som «folkefiendleg» og som «ein del av den jødiske kulturmarxismen» på heimesida si.