Regjeringa vil kutta i avgifta på øl frå mikrobryggjeri

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.07.2017 15:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil kutta i avgifter på mikroøl

Målet er derimot ikkje å gje forbrukarane billegare lokalprodusert øl, forsikrar Finansdepartementet.

– Det er normalt dyrare å produsera øl i mindre volum, og eg tvilar sterkt på at avgiftsletta vil koma forbrukaren til gode i form av billegare lokalprodusert øl. Endringa er først og fremst ei handsrekning til gründerane, seier stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp).

Forslaget gjeld varer med ein alkoholprosent på under 4,7, frå bryggeri som produserer mindre enn halv million liter øl i året.

Næringa er i vekst, og sette salsrekord i fjor sommar. Ifølgje direktør Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen er det likevel stort behov for det føreslegne avgiftskuttet.

– Bryggjarane tek ut lite løn og i tillegg til dei betalte årsverka har vi rekna ut at det blir lagt ned over hundre ubetalte årsverk i bryggeria kvart år. Eigarane sjølve, saman med slekt og venner, arbeider ofte gratis i håp om at det ein dag skal bli lønsamt, seier han i ei pressemelding.

Førebels er det uklart kor stort avgiftsletta skal bli. Skatteetaten har fått frist til 30. august for å koma med eit utkast til eit høyringsnotat.