Undersøking: Sju av ti unge meiner ungdom flest drikk meir enn foreldra trur

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju av ti unge meiner ungdom drikk meir enn foreldra trur

Undersøkinga er utført av Opinion på oppdrag frå rusorganisasjonen Actis.

– Foreldra er dei viktigaste førebyggjarane og førstelinjeforsvaret mot rusproblem hos unge. For å beskytte ungdom mot dårlege eller farlege hendingar treng vi foreldre som følgjer med, som kjenner vennemiljøet og som er edru på laurdagskvelden og klar til å hente på fest eller ta ein prat når tenåringen kjem heim, seier generalsekretær i Actis, Mina Gerhardsen.

Nær halvparten av ungdommane i undersøkinga er også heilt eller ganske samde i påstanden «ungdom drikk meir dersom dei får alkohol av foreldra».

– Myten om at ein kan førebyggje eller redusere alkoholkonsumet til dei unge ved å sende med dei alkohol, er nettopp det, ein myte. Forskinga viser at unge som får med seg alkohol heimanfrå, drikk denne i tillegg til alkohol som dei får tak i på anna vis, seier Gerhardsen.

1.000 ungdommar mellom 15 og 20 år over heile landet har svart på undersøkinga frå Opinion om spørsmål knytt til alkohol. Funna frå undersøkinga er i tråd med internasjonal forsking som viser at aksept av alkoholforbruk frå foreldra si side fører til høgare forbruk blant ungdom.