Berre eit par år etter at Solberg-regjeringa gjekk på eit nederlag med plastposeavgifta, stiller regjeringa seg på nytt positiv til avgifta.
NPK-NTB
NPK-NTB

Sjansen for at det snart kjem ein miljøavgift på kvar selde plastpose aukar. Det er klart etter at regjeringa støttar forslaget frå daglegvarebransjen om å innføre ei ny avgift der inntektene går til eit miljøfond, skriv Dagens Næringsliv.

Støtten kjem fram i stortingsmeldinga om sirkulær økonomi som vart lagt fram av miljøminister Vidar Helgesen (H) onsdag.

– Regjeringa er positiv til ei bransjedriven løysing på dette området. Regjeringa vil fortsette dialogen med bransjen for å oppnå ei felles forståing av korleis eit fond best kan innrettast, og korleis sikre at ei slik løysing oppfyller krava i direktivet, heiter det i meldinga.

Så seint som i slutten av mai var Helgesen i samtalar både med Kiwi og bransjeorganisasjonen Virke om korleis avgifta skulle organiserast.

Bakgrunnen for avgifta er krav frå EU om tiltak om å redusere plastposeforbruket.

(©NPK)

LES OGSÅ: Dette veit forskarane om plast i havet

Oppdatert: fredag 23. juni 2017 08.54

LES OGSÅ

ANNONSE