Fjern leksehjelpa!

Sondre Hansmark Persen, ungdomskandidat for Hordaland Venstre i 2017
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

DEBATT: I 2010 bestemde den raudgrøne regjeringa seg for å pålegge alle norske skuler å tilby leksehjelp til elevar på 1.-4. trinn. Formålet var godt: leksehjelpa skulle blant anna «medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa», men regjeringa valde allereie den gong feil medisin for å bøte på eit reelt problem. Seinare evalueringar har vist at leksehjelpa i beste fall ikkje har påvist effekt, og i verste fall bidreg til å forsterke sosiale forskjellar blant elevane.

Det må være heilt greitt at enkelte kommunar vel å prioritere og teste ut leksehjelp, slik dei også gjorde før det nasjonale påbodet kom. Eit heilt anna spørsmål er det om staten skal diktere korleis dei norske kommunane vel å prioritere midlar i grunnskulen.

Kvar kommune har sine unike utfordringar, og sin unike elevmasse. Difor bør dei også ha rom til å prioritere forskjelleg.

Nokon skular treng kanskje auke lærartettleik på enkelte trinn. Andre treng fleire spesialpedagogar, musikkinstrumenter, lærebøker, eller fotballar.

Jo fleire slike krav som kjem frå regjering og storting, desto mindre makt får kommunane til å løyse lokale utfordingar. Difor ynskjer eg å fjerne lovpålagt krav om leksehjelp, og heller gje kommunane meir makt som skuleeigar til å gjere sine eigne prioriteringar.