I dag er det 100 år sidan Kristian Birkeland døydde

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.06.2017 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han var Noregs svar på Elon Musk

Ein av dei største vitskapspionerane i noregshistoria døydde av sjukdom på reise i Tokyo, berre 49 år gammal. Det er Birkeland som sidan 1994 har vore fjeset på 200-kronesetelen, som Noregs Bank med litt dårleg «timing» akkurat i vår har erstatta med ein ny setel med torsk som motiv.

Fysikaren Kristian Birkeland er ein av dei fremste naturvitarane Noreg har hatt. I år er det hundre år sidan han døydde. Foto: L. Szacisnski / Oslo Museum

Såg nordlyset

Birkeland leverte den første realistiske teorien om nordlyset, der han såg samanhengar mellom nordlyset og overflateaktiviteten på sola. Nordlyset oppstår når katodestrålar frå sola blir trekte inn mot dei magnetiske polane, der dei får atmosfæregassane til å lyse, meinte Birkeland.

Får å underbyggje teorien etablerte han fire observatorium i nord, på Novaja Semlja, i Kåfjord, på Island og på Svalbard. I laboratoriet sitt laga han dessutan det første kunstige nordlyset og utvikla ein teori om geomagnetiske forstyrringar.

Norsk Hydro

Saman med ingeniøren og industrimagnaten Sam Eyde stod han bak det som blir rekna som den viktigaste oppfinninga i noregshistoria, Birkeland-Eyde-metoden. Metoden la grunnlaget for kunstgjødselproduksjonen i Norsk Hydro, som i dag lever vidare i det fråskilde selskapet Yara International. Birkeland-Eyde-metoden gjekk ut på å framstille kunstgjødsel ved å vinne ut nitrogen frå luft ved hjelp av elektrisitet.

Dermed kunne Eyde og Norsk Hydro starte kunstgjødselproduksjonen på Notodden i 1907. Ein av Birkeland-Eyde-omnane som tiåret etter vart tatt i bruk på Rjukan, står i dag stilt ut på plassen framfor Teknisk museum i Oslo.

Fysikk-laboratorium

I laboratorieforsøka sine kunne Birkeland elles studere lysfenomen som Saturn-ringar, zodiakallys, spiraltåke og andre kosmiske fenomen.

For å finansiere forskinga si fann Birkeland opp tekniske innretningar som røntgenapparat, mekaniske høyreapparat, radiotelefon, elektriske brytarar og mykje anna.

Birkeland publiserte rundt 70 vitskaplege avhandlingar og skreiv tre bøker. Han vart òg nominert til Nobelprisen i fysikk og kjemi sju gonger, men utan å få prisen. Tre gonger var han nominert saman med Sam Eyde, og etter det som blir sagt, var ikkje Eydes intense lobbyverksemd for ei tildeling gunstig for Birkelands kandidatur.

Truleg hadde han omsider fått Nobelprisen om han hadde levd litt lenger.