Nettportal skal sikra symjeopplæring for barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste skuleår må alle elevar frå første til fjerde trinn ta ein obligatorisk dugleiksprøve i symjing. Målet er at alle elevane skal kunna symja innan utgangen av fjerde klasse. Torsdag lanserte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) nettportalen svømmedyktig.no med informasjon og støttemateriell som skulane treng for å leggja til rette og gjennomføra ei god symjeopplæring.

– Tidlegare har dugleiksprøvar i symjing vore frivillig, men no blir det obligatorisk. Symjing er ikkje noko du lærer på nokre få timar. Sidan prøven er sett saman av sju øvingar, får skulane ein peikepinn om kva elevar som treng ekstra støtte for å nå kompetansemåla, seier Isaksen.

Både ufaglærte og faglærte symjelærarar, rektorar og skuleeigarar har kome med innspel til innhaldet på nettsidene.

Ein dugleiksprøve i symjing blei innført for skuleåret i fjor haust. Prøven var frivillig det første året og blir obligatorisk frå og med skuleåret 2017–18. Elevane skal gjennomføra delprøvar frå 1 til. 4. årstrinn.

Samtidig med at det blei innført, blei det også gjeve 60 millionar kroner i tilskot til symjeopplæring i barnehagar i 2016 og 2017, og forslag om ytterlegare 40 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett i 2017. Målgruppa er barn i alderen fire til seks år.

I det same programmet blei det også gjeve 10 millionar kroner i tilskot til symjeopplæring for minoritetsspråklege elevar som nyleg har kome til landet.

LES OGSÅ: Norske barn må bli betre til å symje