Klart for skuleval 4. og 5. september
Ei knapp veke før stortingsvalet 11. september får 200.000 skuleelevar sjansen til å seie sitt i det nasjonale skulevalet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Over: Sjå skuledebatten frå Glemmen vidaregåande skule i Fredrikstad i 2015! Video: Mediana / Youtube
Det er Norsk senter for forskingsdata (NSD) som står for gjennomføringa av skulevalet, som i år blir lagt til måndag 4. og tysdag 5. september. Det er 16. gongen NSD steller i stand eit nasjonalt skuleval på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Ved skulevalet i 2015 var rundt 190.000 elevar frå 395 skular med og røysta, og NSD trur minst like mange vil vere med i år.
– Skulevala har vorte stadig viktigare både for politikarar og medium. Det har samanheng med at skulevala ofte har vist seg å gi ein peikepinn om kva resultata blir i dei ordinære vala. Det viktigaste med skulevala er likevel å styrkje det politiske engasjementet blant dei unge, og dermed demokratiet, seier rådgivar Håkon Tranvåg i NSD i ei pressemelding.
Som ved tidlegare skuleval skal NSD parallelt med skulevalet gjere ei landsdekkjande spørjeundersøking blant skuleungdommen.
LES OGSÅ: Forskar: – Skuleval styrkar demokratiet