Kolonihagen droppar norsk mjølk i øko-is

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar norsk mjølk i øko-is

Den norske verksemda Kolonihagen sel økois laga på nederlandsk mjølk. Gründer Jon-Frede Engdahl finn ikkje nok god økomjølk her i landet, skriv Nationen.

– Aller helst ville vi produsert ein heilnorsk is. Ikkje minst fordi vi synest det er riktig å tenkje lokalt. Vi har prøvd å finne nok økologisk mjølk med den rette kvaliteten, men har ikkje lykkast, seier gründer av Kolonihagen, Jon-Frede Engdahl.

Nyleg sende han ut økologisk is laga på mjølk frå Nederland ut i alle 600 Rema-butikkar i Noreg. Til saman reknar han med å selje rundt ein halv million einingar, kvar på ein halv liter, med nederlandsk økois.

Samtidig hamnar tusenvis av liter norsk økomjølk i dei same tankane som konvensjonell mjølk.

LES OGSÅ: Lite å tene på økologisk landbruk

– I utgangspunktet er økologi berre ei EU-forskrift. Vi er alltid på jakt etter det som gjer produktet endå betre. For eksempel mjølk frå kyr som berre har ete gras, ikkje kraftfôr tilsett soya frå Brasil. Det gjer noko både med smaken og berekrafta, seier han.

Kolonihagen valde derfor mjølk frå grasfôra Jerseykyr.

– Vi ville ha ein spesiell kvalitet på mjølka. Mjølk frå Jerseykyr som beitar ute er feitare og rikare på smak, og betakaseinet er i større grad av typen A2. Det finst ikkje stor nok produksjon og logistikk av slik mjølk i Norge, seier Engdahl.

LES OGSÅ: Danskane handlar mest økologisk

Kolonihagen-gründeren fann heller ikkje logistikken han trengde her i Noreg.

– Den nederlandske mjølka fraktast direkte til ein iskremfabrikk like ved garden, og vi kan spore produksjonen ned til namngitt gard.

Engdahl hevdar at økomjølk frå Nederland ikkje set større miljøavtrykk enn norsk økomjølk.

– Klimarekneskapen ville ikkje sett fin ut dersom vi skulle frakte økomjølk store avstandar med tankbil i Noreg. I Nederland vert ho køyrd ei kort strekning frå garden til iskremfabrikken. Deretter vert isen køyrd i fullasta trailerar til Noreg, seier Engdahl til avisa.

LES OGSÅ: Ungdomsallianse krev ny landbrukspolitikk