No har Kristine Ullaland fått stipend til å inspirere folk til å kaste mindre søppel gjennom nynorskbloggen «Grønare kvardag».

mm

– Det er veldig, veldig kjekt å få stipendet, fortel Kristine Ullaland på telefon til Framtida.no. I helga fekk ho Noregs Mållag sitt nynorskstipend på 50 000 kroner.

29-åringen bur i Bergen, men er opprinneleg frå Naustdal i Sunnfjord. Ho er utdanna sosialantropolog og driv sitt eige firma, Zero Waste Norge, der ho og tre andre hjelper bedrifter med å kutte søppel, kutte svinn og verte meir miljøvenlege.

– Det var ein livsstil som no har blitt eit levebrød, seier Ullaland.

Bloggen Grønare kvardag vart til i kjølvatnet av at Ullaland inviterte Zero Waste-pioneren Bea Johnson til å halde føredrag på Studentersamfunnet i Bergen.

– I etterkant fekk eg positiv respons frå mange som lurte på kor dei kunne finne relevant informasjon om å leve meir miljøvenleg, tilpassa norske tilhøve, forklarar bloggaren.

Påska 2015 fant ho difor ut at  ut at ho like godt kunne fylle tomrommet sjølv.

Oppslagsverk om å kutte søppel
Ullaland fortel at målet var å samle oppskriftene sine til eit oppslagsverk for korleis kaste mindre søppel, men at bloggen også har blitt eit meir varig og pågåande prosjekt.

Bloggen vert ikkje oppdatert dagleg, men det vart sjølvsagt eit innlegg om nynorskstipendet, og før det TED-foredraget Ullaland heldt i haust, og før det om korleis ein kan kutte søppel frå badet.

Ikkje berre skal søppelet frå badet kuttast, men om ein verkeleg vil, kan ein redusere søppelet til nesten ingenting.

– Eg samlar søppelet mitt i eit syltetøyglas. Planen var å halde på ein månad, men så har eg berre heldt fram med det. Folk vert litt overvelda av konseptet, men Zero Waste er ein tankegang, ikkje ein fasit, understrekar Ullaland.

– Kva kasta du førre veke?

– Eg kasta ingenting førre veke. Eg resikulerer og komposterer alt. Mange ville blitt overraska over kor mykje mindre søppel det vert om du resirkulerar og komposterer. Ein treng ikkje gjere det meir radikalt enn det, forklarar ho.

LES OGSÅ: – Vi skal ha det artig mens vi reddar verda

Blogg med ambisjonar
Zero Waste-tankegangen bygger på Bea Johnson sine fem R-ar; Refuse, ta avstand frå det du ikkje treng. Reduce, reduser det du treng. Reuse, bruk omatt det du kan. Recycle, resirkuler og Rot, komposter.

– Den første R-en – Refuse– er både den lettaste og viktigaste biten for å kutte unødig boss, forklarar Ullaland.

Inspirasjon til å kaste mindre søppel er ein av ambisjonane for bloggen hennar. Ho fortel at ho også var bevisst spåkform då ho starta bloggen.

– Eg har hatt periodar utan å nytte nynorsk. Det var trist, for eg kjem jo frå ei bygd der det er naturleg å skrive på nynorsk. Så då eg starta bloggen Grønare kvardag, tenkte eg at det også kunne vere eit prosjekt for å bli betre i skriftspråket, fortel Ullaland.

Her kan du sjå foredraget hennar på TEDxArendal:

LES OGSÅ: – Eg synest nynorsk er veldig mykje penare

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE