Ord som skiftar meining

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sinnsjukt

Dette blogginnlegget blei først publisert på Aasentunet.no.

Det er ikkje uvanleg at meininga til eit ord endrar seg over tid. I den 11. utgåva av Nynorsk ordliste frå 2012 står ordet «sinnsjuk» med ei forklaring: «tidlegare nemning for psykisk sjuk». Kva det betyr no, treng kanskje inga nærmare forklaring.

Berre seks år tidlegare står ordet forklart på ein heilt annan måte i Nynorskordboka: «som lid av sinnsjuke; galen, meiningslaus, tullet». Denne ordboka kom ut på same tid som bruken av ordet sinnsjukt skaut fart i norske medier, og dei siste dropane av psykisk sjukdom rann ut av omgrepet. Det som er sinnsjukt i våre dagar, er framleis utanom det vanlege, men oftast med ein betydeleg meir positiv valør.

Kor kjem så denne endringa frå? I 1947 skriv forfattar, skihoppar og fotograf Thorleif Schjelderup eit lesarinnlegg i VG der han hevder det er sinnsjukt at idretten tek så mykje plass i dagspressa. Han får svar frå sportsjournalist og tidlegare skøyteløpar Hjalmar Andersen: «Ordet sinnsykt har forresten Schjelderup hentet fra Johan Borgen, alt annet som ikke interesserer denne herre, synes nemlig å være sinnsykt».

Ifølgje Hjallis hadde altså dette ordet ei anna tyding i Johan Borgens vokabular alt på 1940-talet, men det finst ingen spor av det i litteraturen hans. I skrift finst det lite av denne nye tydinga i etterkrigsåra. Eit søk på orda «sinnsjukt» og «sinnsykt» i databasen Atekst gir berre fire treff i perioden 1971 til 1974; to gongar om psykisk sjukdom, ein gong i samband med ein sportsreportasje og ein gong i samband med ei underhaldningssak. Det var ikkje før på 1990-talet det dukka opp hyppigare i skriftleg form, mellom anna i sportsreportasjar. I 1991 hadde Trude Dybendahl sinnsjukt lyst til å bli verdsmeister på ski, og Vegard Ulvang opna sinnsjukt hardt på sin stafett-etappe i same VM i Val di Fiemme.

I perioden 1991 til 1994 finn du fleire treff i Atekst, som då også inneheld ei mykje større breidd av norske aviser. 66 tilfelle av ordet på trykk, er likevel ikkje mykje på fire år. I 44 prosent av tilfella var dei brukte i samband med sportsreportasjar og 30 prosent i underhaldningsreportasjar. I dei aller fleste artiklane er orda referert frå eit intervju. Den munnlege stilen breier om seg i det skriftlege, og dette gir store utslag dei neste 20 åra.

Den markerte auken kom tidleg på 2000-talet og har halde fram med ein førebels topp i 2013. På same tid har mediebiletet endra seg mykje. Det skriflege finst like mykje på internett, og vi konsumerer langt meir TV-tid enn tidlegare. Auken berre innanfor den trykte pressa er likevel tydeleg nok: frå 2011 til 2014 stod «sinnsjukt» og «sinnsykt» på trykk 1296 gongar. Bruken har også breidd om seg til fleire sjangrar. Sportsreportasjane utgjer no 28 prosent, underhaldninga 33 prosent og annan bruk 38 prosent. I våre dagar er også julestemninga, vegprosjekt, handelsveksten og utdelinga av nobelprisen til ein amerikansk president noko som kan få merkelappen sinnsjukt.

Eit anna interessant trekk ved bruken av ordet sinnsjukt i skrift, er at her er store geografiske variasjonar. Det er mykje hyppigare i bruk på Sørvestlandet enn på Nordvestlandet, her finst få treff frå innlandskommunane i Sør-Noreg, og dei som bruker ordet held oftast til nord i landet. Fem aviser i Troms står for nesten like mange oppføringar som heile Oslo-pressa, og legg vi til eit par aviser i Nordland og Finnmark er overvekta tydeleg. Interessant, men neppe overraskande for dei fleste.

Nynorskavisene er også langt meir forsiktige med å bruke dette ordet enn bokmålsavisene. Frå 2011 til 2014 skriv berre seks prosent av bruken seg frå dei 28 prosent avisene som er redigert heilt eller delvis på nynorsk.

I våre dagar er det så å seie umogleg å finne ordet brukt om psykisk sjukdom, bortsett frå i eitt og anna lesarinnlegg der det blir hevda at språkutviklinga går feil veg.

Den siste dropen av gamalt innhald fell ut når ein psykiater finn det for godt å melde at ho er «sinnsykt fornøyd» med eit nytt behandlingsopplegg for psykisk sjuke.