Fleirtal for å stryka politikarar ved lokalval

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal for å stryka politikarar

Seksten år etter at ordninga med å stryka kandidatar ved kommune- og fylkesval blei fjerna, blir ordninga truleg innført på nytt frå 2019.

Det er klart etter at Høgre og Framstegspartiet 16. mai fekk støtte frå Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne då saka blei behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, fortel Bergens Tidende.

Dermed er det fleirtal for saka i Stortinget.

Det er likevel delte meiningar om det å kunna stryka kandidatar frå listene. Då ordninga blei fjerna før kommunevalet i 2003 var det fordi ein slik praksis kunne slå uheldig ut for enkelte grupper som innvandrar og til dels kvinner som ville engasjera seg i politikken.

Leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), meiner derimot ordninga er ein styrke.

– Det vil vera eit viktig bidrag for å styrkja lokaldemokratiet, sa han då forslaget blei lagt fram i fjor.

Arbeidarpartiet, KrF og Senterpartiet har eit anna syn. I komitebehandlinga røysta desse personane mot fordi dei fryktar det kan slå negativt ut for folk som ønskjer å engasjera seg i lokalpolitikk.

Dei tre partia viser dessutan til at det også med den noverande vallova er mogleg å endra på stemmesetelen ved å gje ei ekstra stemme til enkeltkandidatar, skriv avisa. (©NPK)