Sensasjon: Det nyttar!

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MEDIEKOMMENTAR: Det lèt seg ikkje stikke under ein stol at danske sosialistar innimellom kan vere ganske gretne. Verda har gått imot dei ganske lenge, og no slit det på humøret. Heldigvis har dei journalistar og aviser som kan halde misnøyen ved like og hindre alle tillaup til optimisme.

Men så, med ujamne mellomrom, riv Dagbladet Information dei ut av sutringa over alt som er gale i det lille land og den store verda. Hausten 2014 laga den danske søsteravisa til Klassekampen ei spesialutgåve som dei kalla Den Glade Avis. Kvar einaste artikkel var vinkla positivt. Sjølv i Syria fann redaksjonen voner.

Sjefredaktør Christian Jensen sa etterpå at det som overraska han mest, var at dei ikkje måtte kompromisse med journalistiske metodar. Dei brukte faget si kritiske tilnærming, dei stoppa berre ikkje etter at problema var skildra, men gjekk vidare på jakt etter løysingar. Og rarast av alt: Lesarane likte påminninga om at ikkje alt er vonlaust.

No har avisa gjort det igjen. Torsdag 4. mai kom ei ny spesialutgåve. Heile avisa handla om danskar som ikkje ventar på at ein eller annan offentleg etat skal løyse problema for dei, men som i staden har gått saman om å skape ein betre kvardag. Det var sjølvagt tale om private initiativ, men sidan dei alle var kollektive, var også det politiske på plass.

Side etter side var fylt med reportasjar om samarbeid som verkar. Éin skildra ein reparasjonskafé der frivillige fiksar ting som er gått sund. Ein annan handla om fiskarane i Jammerbugten på Nord-Jylland som, trass namnet, ikkje klaga over dei store trålar-reiarane og privatisering av fiskekvotene, men i staden organiserer seg i partslag og allierer seg med investorar for å utvikle eit meir berekraftig fiskeri. Andre artiklar handla om teknisk begåva som saman utviklar solidariske former for digital kommunikasjon, om lokale tiltak som lèt einsame møtest for å ete saman, og om ein fotballklubb som forsøkjer å gjere vener av motstandarane.

Avisa har fått ny sjefredaktør sidan sist. Den nye, Rune Lykkeberg, skriv at redaksjonen ville syne at ikkje all makt går ut frå sentrum, frå politikarane. Folk kan skape sin eigen kvardag, og gjer det.

«Kvinnefrigjeringa hadde aldri funne stad om ho måtte bli vedteken som ei lov frå sentrum, arbeidarane hadde aldri fått rettar og bøndene hadde aldri danna partslag», skriv han. Spesialutgåva skulle vise at Danmark står midt i ei progressiv folkerørsle av ulike aktivistar, både høgreorienterte, venstreorienterte og alminneleg orienterte. «Dei kan ikkje redde heile verda, sjølvsagt kan dei ikkje det. Men dei minner oss om at dei lange linjene består av små punkt, som er kvardagslivet vårt», skreiv han også.

Information er ikkje aleine om å leite etter noko som verker, og lage journalistikk av det. The New York Times har ei spalte som heiter «Fixes». Der blir fenomenet løysingsjournalistikk praktisert, «solutions journalism». Artiklar frå denne spalta er jamleg mellom dei mest delte av alt New York Times publiserer. Den ferskaste artikkelen, publisert omtrent samstundes med aktivistutgåva til Information, skildrar korleis restaurantar og butikkar bruker algoritmar og appar for å gi mat som dei ikkje kjem til å selje, til fattige som treng han. «Meal Connect» er eit slags AirBnB for mat. Systemet koplar ein restaurant som har nokre porsjonar kylling til overs, med eit suppekjøkken som har folk som godt kan tenkje seg eit skikkeleg kveldsmåltid. 40 prosent av all mat i USA blir kasta, artikkelen i Fixes lista opp ei rekkje tiltak for å sørgje for at mest mogleg av denne maten går til dei mange fattige i landet.

Det har vore hevda at journalistikk er å skildre ein sveitsarost utelukkande som ei samling små og store hol. Det finst altså nokre som også skriv om osten mellom hola.

Først publisert på NDLA.no under CC-BY-SA-lisens.

 

Les om det norske prosjektet «Verdas beste nyhende», som presenterer gladsaker om utviklinga i verda!

KOMMENTAR: Framtida til media: plukk og miks?