Framtida til nyhende: «Plukk og miks?»

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook og Google samlar informasjon om alt du gjer på nettet, og tilpassar nyhenda etter kva dei trur du er mest interessert i. Det får meg til å spørje meg sjølv om det berre er dei nyhenda som me synest er interessante, som er viktige for oss å lese. Kva med tanken om å få fram heilskapen?

Generasjonen av unge menneske i dag er vant med å plukke og velje som dei sjølv ønskjer. Det speglar seg mange stader. I butikkane finn ein store reklameplakatar med overskrifter som «Plukk og miks for 20 kr!», og matrettar som tapas og taco, der ein sjølv vel kva ein vil ete, har vist seg å bli store slagerar. Det har vorte meir vanleg å sjå på filmar og seriar på nettet i staden for på TV, fordi ein vil kunne sjå akkurat det ein vil akkurat når ein vil. Også i samband med nyhende finn me igjen denne tankegangen. Viss ein les på nettet i staden for i papirutgåve, kan ein velje seg ut akkurat kva type nyhende ein ønskjer å lese. Ja, Facebook og Google tilpassar dei til og med til interessa dine!

Personlig trur eg det er nett denne nye måten å tenkje på som gjer at færre og færre unge les avisar i papirutgåve. Eg har høyrd nokon kalle oss for tapas-generasjonen, medan den «gamle» generasjonen er ein lapskaus-generasjon. Medan me i vår generasjon vil ha akkurat det me vil ha, og ingen ting anna, tok dei før det dei fikk servert. Det er kanskje ei original samanlikning, men ho får fram eit viktig poeng.

Det er så vidt eg tør seie det, i frykt for å bli bua vekk og kasta tomatar på, men eg lurer på om ikkje denne nye haldninga kan vere ei smule usunn. Er ikkje heilskapen lenger viktig? Det er ikkje berre dei nyhenda som er i samsvar med våre interesser som er dei viktige å lese. Kanskje tvert om.

Det skal vere sagt at den stadig aukande mengda av nyhende har gjort det praktisk talt umogleg å få med seg alt; ein blir nøydd til å velje seg ut kva ein vil lese. Utfordringa kjem når nyhenda du får servert, blir snevra inn til berre å omtale visse typar saker.

Nett det same er det som skjer når ein klikkar seg inn på akkurat dei nyhenda ein vil gjennom linkar på sosiale medium som Facebook, noko som har vorte meir og meir vanleg blant unge. Og ikkje nok med det, her får ein og med seg mengda si meining om alle saker og ting før ein får moglegheita til å gjere seg opp si eiga meining. Ein trussel mot demokratiet? Kan vere.

Tilveksten i mengda nyhende har sjølvsagd også positive følgje. Blant anna har det ført til at me kan gripe inn og hjelpe til under konfliktar og katastrofar på ein måte som tidlegare ikkje hadde vore mogleg (sjølv om fleirtalet av oss ofte ikkje gjer det). Det kan òg (potensielt, viss me er bevisste på det) føre til større takksemd for den fridom og tryggleik som me lever under, når me får sjå kor grufulle forhold andre har å stri med.

På same tid trur eg at desse nyhenda, som ofte ikkje er mogleg å gjere noko med, kan føre til at ein blir motlaus. Det florerer av forferdelege nyhende i avisar og på nettet. Det skjer mykje fælt rundt om i verda, både fjernt og nært, og alt blir godt dokumentert. Me får lese nyhenda på nettet nesten før dei skjer. Nokre gonger lurer eg på om me eigentleg har godt av å vite om alt dette. Ein skal sjølvsagd ikkje ignorere det som skjer, eller leve i ei boble utanom verkelegheita, men likevel. Viss motlausheita nesten tar overtaket, kan ein tenkje på noko vist som briten Gilbert Keith Chesterton, som levde frå sluten av 1800-talet til byrjinga på 1900-talet, ei gong sa: «Det er ikkje verda som har blitt så mykje verre, men nyhendedekninga som er blitt så mye betre.» Eg trur det kan stemme.  

Denne dekninga av nyhende som har blitt så mykje større og breiare gjer det også vanskelegare å ta informasjonen inn over seg. Nokre unge responderer på dette med å engasjere seg i politikk og i organisasjonar, som er ein bra ting. På same tid ser eg ei likegyldigheit overfor kva som skjer rundt oss, både lokalt og globalt, bre seg utover blant mange unge, så vel som vaksne. Det skremmer meg. Alt blir berre ord og statistikkar, medan me gløymer menneska.

Tilbake til poenget. I ei verd der ein blir overvelda av informasjon og nyhende, trur eg det er viktig å sette fokus på å lese alt med eit overordna blikk. Nyhendebiletet er mangfaldig og omfattande, så det kan ofte vere nok å få med seg hovudtrekka. Og så bør ein lese med eit kritisk blikk, og ha i bakhovudet at alt ein les slettes ikkje behøver å vere sant. Særleg relevant er dette i den tida me lever i no, der såkalla «fake news» tilsynelatande førekjem hyppigare enn før. Til slutt vil eg nemne at det aldri er galt å fokusere på det gode som skjer rundt oss, trass i alt det vonde. På Facebook er det oppretta ei side ved namn «Verdens beste nyheter». Dei har eit ønskje om å løfte fram forbetringar og framsteg som skjer i verda. Om berre dette ville smitte over på fleire! For midt oppi alt det vonde må me ikkje gløyme at gode nyhende tross alt er nyhende dei òg.