– Samarbeid med næringslivet gir kvalitet i yrkesopplæringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Bømlo-Nytt.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja Noregs beste vidaregåande skule.

Høgre-statsråden kom fredag til Rubbestadneset vidaregåande skule og vart vist rundt av rektor Rune Gåsland og elevane.

Elevane fortalde til kunnskapsministeren at dei trivst på skulen grunna det gode miljøet og kjekke lærarar. Han fekk også vite at ein suksessfaktor er tett samarbeid mellom skulen og lokalt næringsliv. Statsråden sa at han hadde merka seg at Rubbestadnes vidaregåande skule vart kåra til den beste skulen i landet.

Saftmaskinen
Røe Isaksen var mellom andre på vitjing hos VG3 automasjon. Her synte Tormod Stokka (19), Morten Korsvik (18) og Fredrik Engevik (18) ein saftmaskin som imponerte statsråden. Dei fortalde at dei i dette prosjektet hadde nytta mykje av kunnskapen dei hadde opparbeidd seg. Dei hadde nytta om lag ei veke på å byggje saftmaskina. No var det berre nokre få delar som mangla før maskinen var ferdig.

– Kva er det som gjer at dette er ein god skule, ville Røe Isaksen vite.

– Det at lærarane bryr seg, seier Stokka. Korsvik legg til at dei heile tida får jobbe med prosjekt som gir god lærdom.

– Det er ein veldig bra skule med godt samhald.

Næringsliv og skule
Etter omsyninga seier Røe Isaksen til Bømlo-nytt at han fekk eit veldig godt inntrykk av Rubbestadnes vidaregåande skule.

– Du merkjer det på engasjementet og kor stolte dei er av skulen sin. Du høyrer det på kva elevane svarer når eg spør dei kvifor dette er ein bra skule. Dei seier dei trivst og kvifor dei trivst. Dei fortel om tett kontakt med lærarane, kort veg frå kontor og klasserom til verkstad, og nærleik til bedriftene.

– Kor viktig er denne nærleiken til næringslivet?

– Den er heilt avgjerande. På ein anna måte enn studieførebuande er yrkesfaga kopla direkte til arbeidslivet. Eg plar seie at arbeidslivet eigentleg er medeigar i yrkesfagutdanningane våre. Yrkesfaga har ingen verdi utan at dei klarer å utdanne arbeidskrafta som næringslivet treng, anten det er ein helsefagarbeidar eller ein elektrikar, seier Røe Isaksen.


Maskinering: Røe Isaksen får her ein terning som elevane har maskinert. Foto: Håvard Hammarstrøm

Lokalisering viktig
Kunnskapsministeren er samstundes tydeleg på at lokaliseringa av skulen er viktig.

– Dette betyr noko anna her enn i studieførebuande utdanning. Der er det ikkje så viktig at skulen ligg så nære arbeidsplassen. Men det er ganske viktig for ein yrkesfagskule at du har nær kontakt med det arbeidslivet som du utdannar til. Det ser ut til å fungere godt her. Den tette kontakten med arbeidslivet.

– Her blir det satsa på Bømlomodellen, og eit pilotprosjekt der blir lagt opp til eit enda tettare samarbeid mellom næringsliv, kommune og skule?

– Det er nøkkelen til kvalitet i yrkesopplæringa! Dette er noko som Bømlo og Hordaland og Vestlandet er gode på. Eg er frå industrikommunen Porsgrunn. Der er dei også gode på dette, men det er veldig mange kommunar og fylke som har mykje å lære her. Koplinga mellom arbeidslivet og skule.


Interessant omsyning: Robert Vold Eidesvik (18, lengst til venstre) syner Røe Isaksen rundt. – Det var veldig kjekt å syne han rundt. Det er bra at han kjem hit. Det er ein grunn til at me er kåra til den beste skulen i landet, seier Eidesvik. Foto: Håvard Hammarstrøm

– Ei merkeleg avgjerd
– Det maritime klyngja og havbruksnæringa er viktig for Bømlo. Der er dei opptekne av å ha eit godt yrkesfagleg utdanningstilbod her i Bømlo. Kva tenkjer du om det?

– Dette er ei vekstnæring med kjempestort behov for folk og kunnskap i åra som kjem. Når me i tillegg forhåpentleg er over den verste kneika i offshorenæringa er det god grunn til å tru at verksemdene vil ønske fleire lærlingar og tilsette, sjølv om me nok ikkje kjem tilbake til der me var for nokre år sidan.

– Skulen her vart kåra til beste skule i Noreg. Så gjekk det ein månad og så vart skulen vedteken slått saman med den andre vidaregåande skulen her på Bømlo. Har du gjort deg nokre tankar rundt dette?

– Ja, men det er viktig å seie at formelt er det fylket som eig skulane og bestemmer dette, ikkje eg og Stortinget. Men eg tykkjer det er trist at det ikkje skal vera eit skuletilbod her lenger, og det er jo litt rart at dette skjer med ein skule som nettopp er blitt framheva som ein suksess. Det tykkjer eg er eit rart vedtak. Høgre har jo vore veldig klar både i Bømlo og i fylket om kva me meiner om den saka, seier statsråden,

– Men det er fylkespolitikarane sin rett å gjera det. Det er ingenting eg kan gjera for å overprøve det, og det trur eg ikkje at nokon ventar heller.

Viktig for næringslivet
Røe Isaksen tykte det var kjekt å vitje Rubbestadnes vidaregåande skule. Elevane som synte statsråden rundt og rektor Rune Gåsland gav uttrykk for det same.

– Dette var hyggjeleg. Me set stor pris på at han kjem på vitjing til oss, seier Gåsland til Bømlo-nytt. Mellom andre som var med på omsyninga var viseadministrerande direktør Jan Lodden i Eidesvik Offshore. Han fekk nokre ord med statsråden.

– Statsråden fekk sjå det gode samspelet mellom lærarar og elevar. Han fekk også eit innblikk i kor viktig skulen er for næringslivet. For oss i næringslivet er det viktig å få fram at yrkesfaglege utdanningstilbodet er svært viktig, og at me vil kjempe for å behalde dette. Eg trur ministeren fekk ei slik vitjing som han hadde håpt på på førehand.