Kva ordklasse høyrer emojiar til i? Og kva med «lol»?

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva ordklasse høyrer emojiar til i?

Teksten er henta med velvilje frå Språkprat.

Kva ordklasse høyrer forkortingar som «lol» til i? Og kva ordklasse høyrer emojiane til i? Er dei interjeksjonar?

Desse spørsmåla kom frå ei gruppe grunnskulelærarstudentar då eg underviste dei i morfologi i vinter. Saman med studentane gjekk eg gjennom nokre ordklassar og kjenneteikna deira og såg deretter på ulike måtar å skilja mellom dei. Inneheld ordklassen ord med eller utan bøying? Kjem det til nye ord i ordklassen, eller har han eit fast inventar av ord?

Stoffet fanga studentane, og dei kom med gode spørsmål og nye idear. Spørsmåla ovanfor gjorde meg riktig nyfiken, og eg skal her prøva å gje nokre svar på dei.

Lol!
Så tidleg som på 60-talet var «LOL» eit oppslagsord i Oxford English Dictionary, men stod då for ‘little old lady’. Slik kjente eg meg som då dei hjelpsame studentane presiserte med mykje omtanke at forkortinga står for ‘laughing out loud’. Dei skulle berre ha visst at forkortinga er eldre enn det dei sjølve er, og vart lista med denne tydinga i Oxford English Dictionary i 1989, som de kan sjå her.

Opphavet til desse akronyma, forkortingane, er ei form for språkleg økonomisering. Erstattar ein hyppig nytta uttrykk med eit akronym, minkar tastetida. Og dette med tastinga er eit viktig punkt, for vanlegvis held slike forkortingar seg til skriftspråket: Me skriv oftast «t.d.», men seier «til dømes».

Slik er det ikkje med «lol». «Lol» har blitt ei sjølvstendig, meiningsfylt munnleg ytring, truleg nokså uavhengig av den underliggjande tydinga. Når 12-åringen heime ser på morosame filmklipp eller snakkar med kompisar, er det slett ikkje alltid han ler når noko er morosamt. Neida, guten slår til med å repetera «lol, lol, lol».

LES OGSÅ: Engelsk hot, nynorsk not?

Interjeksjon og verb
Eg vender attende til det første spørsmålet studentane stilte: Kva slags ordklasse høyrer forkortingar som «lol» til i?

Ord vert plassert i ordklassar på grunnlag av fellestrekk i tyding, bøying og funksjon, altså semantiske, morfologiske og syntaktiske kriterium. For nye ord må ein granska korleis dei er nytta.

Det engelske «lol» har fått to oppføringar i Oxford Dictionaries. Den første plasseringa er som ein «exclamation», altså ein interjeksjon. Interjeksjonane dannar ytringar åleine, og plasserer seg på sida av setningane. Både svarord som «ja» og «nei» og lydmålande ord som «voff» og «splæsj» høyrer heime i denne ordklassen. Den andre plasseringa er interessant, og forkortinga «lol» finst òg som eit verb som kan bøyast i tid (tempus).

Er det også slik i norsk? Som i engelsk nyttar me «lol» som ein interjeksjon, og 12-åringen min ville gjerne ha kommentert biletet til høgre slik: «Kaninen hadde ei pannekake på hovudet. Lol». (Foto: cutepics.org)

LES OGSÅ: Kva betyr jovial? Dette lurte me på i 2016!

Å lolle litt
Ordklassen interjeksjonar har inga bøying. Kan «lol» også tilhøyra ein ordklasse med bøying i norsk, ved å vera eit verb som i engelsk? Kan eg seia at «eg lolla av det», eller at «det var ei lollande oppleving»? Slik «lol» vert uttala, vil det nok vera mest naturleg å skriva verbet med dobbeltkonsonant i norsk. Men er det nokon som nyttar ordet slik?

Det måtte eg sjølvsagt googla. Formar av verbet «å lolle» dukkar opp i ein artikkel om valsendingane til NRK i Natt og dag (2015): «Vi loller på ingen måte bort valget!», men også om at ein skal ha det gøy, «å lolle litt» på trening og i namnet på ei speleliste på Spotify: «Nå erre på tide å lolle».

Slik kan me også resonnera kring andre forkortingar som kjem inn i språket. Akronymet OMG, «Oh my God», er også vanlegvis nytta som ein interjeksjon: «OMG, du anar ikkje kva som skjedde!». Samtidig har me vel alle høyrt at noko kan vera «heilt OMG». Er dette akronymet då også eit slags adjektiv? Og kan det utvidast til å vera eit verb, slik at eg kan seia at eg «omga noko»?

Det ser ut til at desse importerte akronyma kjem inn i norsk i ordklassen interjeksjonar saman med ord som «Hurra», «Hei», og «Oops». Samstundes skil desse akronyma seg frå mange av dei andre interjeksjonane fordi nokre av dei ser ut til å få bøyingsendingar og nye syntaktiske funksjonar i det dei vandrar over til andre ordklassar.

LES OGSÅ: Korleis snakkar eigentleg ungdomar?

Er emojiar ord?
Symbolet , «Face with tears of joy», vart kåra til årets ord i 2015, som de kan lese om her. At ein emoji, som er eit symbol, kan bli rekna som eit ord i det heile teke, utfordrar korleis me avgrensar og oppfattar kva eit ord er.

Emojiar vert gjerne klassifisert som ideogram. Dette betyr at dei representerer eit omgrep, ein ide, og kan gjerne ha eit vidare og meir omfattande innhald enn det enkeltord har. Dei kan ikkje kombinerast i større meiningsfylte einingar, og det vil vera vanskeleg å forma setningar eller kompliserte og nyanserte ytringar ved hjelp av dei.

Det er ikkje godt å seia om det er rett språkvitskapleg sett å rekna emojiar som ord, og det er heller ikkje godt å seia kva slags ordklasse me i så fall bør plassera dei i. Dersom eg freistar å resonnera meg fram til eit svar ut frå kunnskapen min om emojiar, språk, skriftspråk og norsk bøying (morfologi), finn me at emojiane:

• tilhøyrer utelukkande skriftspråket
• er uformelle
• ikkje kan bøyast
• vert stadig fleire – det er ei open og produktiv gruppe symbol
• plasserer seg på sida av ytringane
• kan modifisera eller konkretisera innhaldet i ytringa
• kan fortelja noko om korleis avsendaren stiller seg til det som vert sagt
• kan i uformelle samanhengar erstatta skriftlege ytringar

LES OGSÅ: No kjem dei første emojiane med sjal


Emojipedia har laga emojiane slik dei trur Apple sine nye figurar vert sjåande ut i iOS 11.1. Illustrasjon: Emojipedia

Eigne emojiklassar
Emojiane er eit språk på sida av det vanlege skriftspråket, og eit språk som er organisert annleis enn dette. Emojiar inneheld gjerne ein form for modus, dei seier altså noko om kva haldning avsendaren har til teksten. Men det er mange emojiar, og ikkje alle har eit slikt innhald.

Kanskje det finst eigne ordklassar for emojiar, altså emojiklassar der dei vert klassifisert ut frå innhald og bruk? Nokre av emojiane kan stå åleine, og erstattar det me elles finn vanskeleg å skriftfesta, kjensler og omtanke. Nokre avsendarar flettar latinsk skrift med emojiar, og resultatet er ei blanding mellom to typar skriftspråk, eit alfabetisk skriftsystem og eit symbolspråk.

Korleis dette symbolspråket vert nytta, og kor funksjonelt det er, er avhengig av avsendaren. Eg har Facebook-kjenningar som boltrar seg i alt frå cocktailglas til juletre. 12-åringen min er relativt gjennomtenkt i emojibruken sin. For nokre har emojiane opna dørane til kommunikasjon på sms.

Meistrar du ikkje skriftspråket, kan mykje forteljast med emojiar. Avsendaren av dette innlegget er derimot ei little old lady som vert stressa av det store utvalet. Lol. Eg trykkjer vilt på mobilen, og er nøgd med det som dukkar opp på skjermen, det vere seg ein smilande bæsj eller ei flamencodansande kvinne. Oftast er det nok med eit heilt vanleg smilefjes og ingenting anna.

LES OGSÅ: Kan emojiar bli ein del av språket?