AUF: – Kontantstøtta må vekk!

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helene Skår i AUF i Sogn og Fjordane meiner Høgre/Frp-regjeringa, med støtte frå KrF og Venstre, har tatt likestillingspolitikken mange skritt tilbake i løpet av dei siste fire åra.

– Noreg fortener ei regjering som framleis tek likestillingskampen på alvor. Vi treng ei regjering som set i verk tiltak som heller fremjar integreringa framfor å hemme ho og som heller løfter kvinner fram framfor å halde dei tilbake, seier Helene Skår, likestilling og inkluderingsansvarleg i AUF i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

– Politikk frå fortida
Skår reagerer spesielt kraftig på at Høgre/Frp-regjeringa har valt å auke kontantstøtta i løpet av dei fire siste åra. I budsjettforliket for 2017 vart kontantstøtta auka til 7 500 kroner per månad for eittåringar.

– Det er hårreisande og tilhøyrer politikk frå fortida. I tillegg hindrar den god integrering fordi vi veit at det først og fremst er innvandrarkvinner som vel å vere heime, seier Skår.

– Vi vil heller satse på barnehagane. På den måten sørgjer vi for at fleire kjem i arbeid, og vi sørgjer at for fleire born av innvandrarar får bli ein del av fellesskapet.

LES OGSÅ: Ap vil verne delar av LoVeSe. – Ikkje godt nok, seier AUF

Fleksibilitet
Leiar i KrFU, Ida Lindtveit, tar kontantstøtta i forsvar. Ho trur ikkje at likestillinga vert betre utan kontantstøtta, og peikar på at stadig fleire menn tek ut kontantstøtte for å vere heime med barna.

– Eg synest AUF i Sogn og Fjordane burde fokusere på tiltak som gjer at kvinner kjem raskare tilbake i arbeidslivet etter fødsel, samt gjere arbeidslivet meir bevisst på at også menn må vere heime, seier Lindtveit på telefon til Framtida.no.

Også KrFU vil satse på barnehagane, og Lindtveit trekk fram at eit godt barnehagetilbod saman med kontantstøtte gir viktig fleksibilitet til familiane. Ho er ikkje einig i at kontantstøtta står i vegen for integrering.

– Det er ikkje riktig at det berre er innvandrarkvinner som er heime. KrF har også sagt at kontantstøtta må kombinerast med språkopplæring for dei som ikkje snakkar norsk. Mangel på norskkunnskapar er den største barrieren for integrering og for å kome seg inn i arbeidslivet, ikkje kontantstøtta, seier Lindtveit.

LES OSGÅ: KrFU vil setje krav om abortinstramming