KrFU vil setje krav om abortinnstramming

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Menneskeverd er den viktigaste saka for KrF, og difor meiner me at KrF må ha dette som eit tydeleg krav for å inngå i samarbeid med andre parti etter valet, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit til NRK.

KrFU etterlyser særleg innstramming på to punkt:

• Tilgangen til fosterreduksjon, altså at ein tar abort på eitt av fostera når ein er gravid med tvillingar.

• Fare for alvorleg sjukdom hos barnet som kriterium for abort etter veke tolv i svangerskapet.

– Abortlova vil bestå, men dette handlar om at alle foster skal ha lik verdi uavhengig av eigenskapar, seier Lindtveit, og åtvarar mot eit sorteringssamfunn.

«Nei.»
Heidi Nordby Lunde, stortingsrepresentant og nestleiar i Høgre sitt kvinneforum, seier til NRK at det er heilt uaktuelt for Høgre å gå med på eit krav om abortinnstramming ved eit eventuelt nytt samarbeid.

Sentralstyremedlem i AUF, Snorre Skjevrak, gir også eit tydeleg svar på kravet frå KrFU på Twitter: