Are Kalvø: Ulven gjer livet mykje betre for oss alle

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ulven gjer livet betre for oss alle

Og her snakkar eg ikkje berre på vegner av alle som bur i Oslo. Eg snakkar også på vegner av alle som bur på Vestlandet. Og i Nord-Norge. Og på Sørlandet. Eg snakkar på vegner av alle oss som ikkje bur i ulvesona. Og på vegner av alle oss som er interesserte i politikk, og som lever av å skrive om politikk. Kort sagt: Eg snakkar på vegner av alle oss som kjeder oss.

Endelig skjer det noko.

Månader går. År går. Utan at det skjer noko. Den same gjengen forhandlar med kvarandre og kjem fram til kompromiss og har prosessar og debatterer høflig og greitt og finn ut av ting. Sånn er politikken. Av og til gjer nokon ein formell feil, og alle vi som skriv om politikk går amok. Fordi det er det vi har. Norsk politikk er dørgande kjedelig. Alle veit det.

Men endelig er det litt liv. Og det er takka vere ulven. Takka vere ulven skjer det no ting som elles aldri skjer i norsk politikk. Folk står på tå i debattstudio, så forbanna at dei nesten ikkje klarer å stå. Dei peikar på kvarandre og ropar «No pratar du tull!»

Folk skuldar kvarandre for å leve i ein fantasiverden. Folk blir så hissige at dei rotar med Rødhette-metaforane og renn over av fordommar mot både dyrevernarar, veganarar og primitive bønder. Byfolk og bygdefolk hatar kvarandre, med til dels svært underhaldande ordbruk.

Endelig skjer det noko.

Høgre-folk er sinte! Skikkelig sinte altså. Kor ofte skjer det? Det er få ting som er meir underhaldande enn Høgre-folk med juridisk utdanning som mister hovudet. No skjer det heile tida. Høgre-folk demonstrerer mot Høgre-statsrådar. Ein av dei som demonstrerer, er stortingspresidenten. Ha ha! Det er fantastisk. Stortingspresidenten i demonstrasjon!!

Når skjedde det sist?!

Hallo! Han heiter Olemic. Med c. Som er ei forkorting for Olaf Michael. Med ch. Han er president. Han er født med slips og skjerf. Det er nesten ingen som ser mindre heime ut i ein demonstrasjon enn han. Gir du han ein fakkel, forstår han neppe kva han skal bruke han til. Han har sannsynligvis aldri ropt offentlig. No står han utanfor Stortinget og protesterer mot miljøministeren.

Miljøministeren ja. Han er også heilt fantastisk. Han vaks opp på Nøtterøy i Vestfold, som nesten er meir Oslo-klysete enn Oslo. Han har vore advokatfullmektig i eit firma som er umulig å stave. Han har jobba i Genève og i utanriksdepartementet. På nesten alle bilde som finst av han, har han briller, stivt smil og EU-flagget i bakgrunnen. Før han blei miljøminister var han Europa-minister. Ein skulle nesten tru at nokon hadde funne opp Vidar Helgesen for å terge bønder.

Og dei lar seg terge opp, sjølvsagt. Og det elskar vi også, vi som skriv i avisa. Spesielt når dei kjem til Oslo, slik at vi slepp å reise nokon plass. Dei kjem hit, med støvlar og plakatar det står «Ekte kvinnfolk skyt ulv» på. Snakk om å gjere jobben lett for oss. Vi rykker ut. Vi intervjuar ubarberte bønder og gir inntrykk av at vi tek på alvor ei gruppe som kjenner seg forsømt av hovudstadseliten, medan vi eigentlig berre storkosar oss på frikshow.

Alt dette medan statsministeren og finansministeren sitt halvstille og oppgitte og irriterer seg over at det ikkje skal vere mulig å få slappe av og styre landet i eit kvarter utan at nokon drit seg ut eller tergar opp søstera til finansministeren.

Det er fantastisk.

Ver så snill. Ikkje ta ulven frå oss no. Då må vil tilbake til gjengen som forhandlar med kvarandre og kjem fram til kompromiss og har prosessar og debatterer høflig og greitt og finn ut av ting. Og som i beste fall gir oss ein formell feil å gå amok over.

 

Hatet mot ulven er grunnlaust, skriv Elise Løvereide

 

Først publisert i Aftenposten 7. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!