Med dokumentarfilmen La meg fortelle håpar 26-åringen å bryte ned tabu om psykiske lidingar.

mm
Faktaboks

Faktaboks:

Her kan du få hjelp:

Fastlegen kan hjelpa deg vidare, anten gjennom samtalar eller ved å vise vidare til ein spesialist

Vidaregåandeelev? Helsesøster har tausheitsplikt og veit kven ho skal kontakte

Student? Oppsøk helsetenestene til din lokale Studentsamskipnad. Dei har ofte lågterskeltilbod eller psykologar og kan uansett vise deg vidare til fastlegen

Les også intervju med leiaren i SiO Helse!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er viktig at folk lærer å snakke om korleis dei har det. Eg lærte at du skal behandla psykiske lidingar på same måte som eit brekt bein. Det skal vere like synleg, seier Therese Meyer (26) til Framtida.no.

Den unge filmskaparen er aktuell med den svært personlege kortdokumentaren La meg fortelle, som vart vist på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda førre helg.

Personleg historie
Filmen byrjar med at Meyer presenterer seg sjølv. Ho er på det tidspunktet 24 år, kjem frå Bergen og studerer film og tv ved Westerdals i Oslo, der ei av oppgåvene er å laga ein enkel, personleg dokumentar.

Undervegs i prosessen vert Meyer lagt inn til behandling på psykiatrisk avdeling ved Lovisenberg sjukehus. På grunn av behandlinga var ho usikker på om ho kunne fullføra filmen og utdanninga, men forklarar at læraren hennar oppmoda henne til å dokumentera prosessen utan å tenkja på studiene.  

Resultatet har blitt 43 ærlege minutt der ho viser og fortel korleis ho har det, kva ho tenkjer om situasjonen, medisinane, dei daglege rutinane på sjukehuset og møta med menneska rundt seg. Ho tok også med seg kameraet då ho fortalte nokre av sine næraste om dei psykiske problema og behandlinga.

LES OGSÅ: Éi av fem unge jenter slit psykisk

Therese Meyer La meg fortelle
Dag 3: Therese Meyer fortel om ei uroleg førstehelg på Lovisenberg sjukehus, seksjon døgn, psykiatrisk avdeling. Foto: La meg fortelle

Sjølvmedisinering
Før ho vart innlagt hadde Meyer ein periode der ho byrja med ulike typar dop, som kokain og MDMA, og slutta å koma på skulen.

– Eg kjente ikkje noko glede i livet. Det einaste eg hadde det gøy med, var dop og å gå ut og feste, forklarar Meyer.

I ei spørjeundersøking Norstat har gjort for NRK svarar éin av ti personar mellom 18 og 30 år at det er litt eller veldig vanleg å bruka MDMA i vennegjengen.

Psykologane har seinare forklart at rusmisbruket hennar påverka den kjemiske balansen i hjernen og førte til akutt innlegging på psykiatrisk sjukehus.

Meyer fortel til Framtida.no at ho tok så mykje amfetamin at ho var vaken tre dagar i strekk. Det utløyste ein psykose, ei skremmande oppleving som vart opningsscena i filmen.

– Det er viktig å seia at dop kan gjera ting verre. Så ikkje misbruk dop, åtvarar 26-åringen.

Les innlegget frå James Puchowski: «Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn»

Tøff tid
Meyer vart ikkje dårleg over natta, men forklarar at ho hadde hatt det tøft i fleire år. Ho tolka desse signala som at ho var «melankolsk av natur». Det var først då ho såg dokumentarfilmen Flink pikeav Solveig Melkeraaen at ho innsåg at ho sleit med noko utover det det vanlege.

– Det er depresjon, seier Meyer.

Ho synest det er godt å ha ein diagnose, etter å ha vorte utgreidd for eit utal forskjellige lidingar.

– No veit eg kva eg sliter med og kan definere det. Det er litt lettare å handsama det når du veit kva det er, forklarar Meyer.

Ho har òg fått diagnosen disossiativ liding, som kan føra til at ho i korte augeblinkar mistar fokus og ikkje får med seg det som vert sagt eller vel feil ord.

LES OGSÅ: Det er ikkje berre «flinke piker» som slit

Therese Meyer La meg fortelle
– Eg har følt at på sjukehuset er eg ein pasient. No føler eg meg som eit levande menneske, fortel Therese Meyer til ein nær ven når ho er ute på permisjon. Foto: La meg fortelle

«Snakk om det»
I filmen viser Meyer at ho ikkje er redd for å fortelje historia si. Ho fortel likevel kamera om frykta for å bli stempla som «gal» og «ho som har vore på sinnssjukehus», men har konkludert med at ho ikkje har noko å skamma seg over.

– Det hjelper meg å vere open om dette. Me treng nokon som er open om psykiske lidingar og som kan visa korleis det kan vera å vera innlagt. Det er ikkje farleg. Det eg vil visa i filmen er at eg framleis er meg sjølv, seier ho.

Meyer opplevde å få mykje støtte frå dei rundt seg, men merka òg at mange ikkje ikkje visste heilt korleis dei skulle snakka om psykisk sjukdom.

Ho meiner det viktigaste dei rundt kan gjera, er å vera der for personen som har det vanskeleg.  

No håpar Meyer at filmen hennar kan inspirera andre til å oppsøka hjelp. Sjølv er ho overtydd om at ho ikkje hadde gått på ein like hard smell om ho berre hadde snakka om korleis ho hadde det på eit tidlegare tidspunkt.

Les også intervju med leiaren i SiO Helse: Deprimert? Du er ikkje åleine!


– Melankoli er eit godt ord for depresjon som kjem snikande. Når ein byrjar å sjå symptom på korleis det påverkar kvardagen er det kome veldig mykje lenger, seier Kari Jussie Lønning, allmennlege og leiar for SiO Helse. Foto: Unn Irmelin Kvam, SiO

Kvar fjerde vil få ein depresjon
Ifølgje Folkehelseinstituttet vil opp mot halvparten av befolkinga bli råka av ei psykisk liding i løpet av livet. Om lag éin fjerdedel vil få ein depresjon, og for nokre er symptoma så sterke at dei vert kategorisert som alvorleg depresjon.

Halvparten av dei som har psykiske lidingar har meir enn éin diagnose, og undersøkingar viser at rusbruk er meir vanleg blant personar med psykiske lidingar enn elles i befolkninga.

Meyer veit ho ikkje kor ho hadde vore i dag, om det ikkje var for behandlinga ho fekk.

26-åringen fortel at ho har fått god hjelp til å tolke tankane og skiljet mellom kva som er depresjonen og kva som ikkje er det. Ho har òg lært seg kva som er nyttige tankar og kva som bør leggjast vekk.

I dag får ho medisinar, går til behandling hjå psykolog, og har det mykje betre.

– Eg er mykje sterkare som person. Eg har utvikla meg mykje som menneske og har slått meg meir til ro med kven eg er, avsluttar Meyer.

Therese Meyer La meg fortelle
Dag 47: – Det har skjedd mykje her inne på dette rommet. Mykje vondt og godt. Mest vondt kanskje, konkluderer Therese Meyer til kamera på sin siste dag inne på Lovisenberg sjukehus, seksjon døgn, psykiatrisk avdeling. Foto: La meg fortelle


Les intervju med Cathrine og Sarah, som ikkje let seg stogge av frykta: – Det er mykje «synsing» om psykisk helse


Kjærasteparet Cathrine Follnes (30) og Sarah Andersen (30)la ut på rundreise i Noreg for å utfordra seg sjølv i kampen mot angst og depresjon.Foto: @nestenikkjeredd

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

Kommentarar

ANNONSE