Yrkesfag skal tilpassast behova i arbeidslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har no sendt eit forslag ut på høyring som blir den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006.

– Kvart år startar det 30.000 elevar på ei yrkesutdanning. Mange av dei fullfører ikkje fordi dei ikkje får lærlingplass. No fornyar vi yrkesfaga for å utdanne elevar med den kompetansen som bedriftene spør etter og treng, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Nesten halvparten av alle elevar på vidaregåande skule tar yrkesfag, men ein del yrkesutdanningar er ikkje lenger like etterspurde av næringslivet. Derfor har regjeringa bedt partane i arbeidslivet om innspel gjennom ni faglege råd og fem ekspertutval. Forslaget til regjeringa byggjer på desse innspela og Utdanningsdirektoratets vurdering.

Meir opplæring i faget
Ei stor utfordring med dagens yrkesfag er at elevane kjem for seint i gang med spesialiseringa. Då får dei ikkje nok trening i faget før dei skal ut i lærebedrift.

– For å lære nok om yrket, må elevane få moglegheit til å fordjupe seg tidleg. Derfor tar vi ei skikkeleg våropprydding i yrkesfaga. Viss du vil bli tømrar, skal du no få meir av tømrarfaget, og mindre av andre ting. Eg trur det vil gi meir fagleg motiverande opplæring frå første dag, og forhåpentlegvis vil færre falle frå, seier Røe Isaksen.

Styrkjer tradisjonshandverk og handel
Regjeringa foreslår blant anna at tradisjonshandverk og handel blir etablert som to nye utdanningsprogram. Ved å samle små tradisjonshandverksfag som gullsmed, skomakar, treskjerar og dei samiske duodjifaga, kjem elevane i gang med spesialisering i handverkskompetanse heilt frå start.

I dag stiller ein elev med fagbrev innan service- og salsfaga ofte ikkje sterkare enn ein ufaglært når han eller ho søkjer jobb i butikk eller i andre servicenæringar.

– Ved å starte opp handel som eit heilt nytt utdanningsprogram blir opplæringa meir oppdatert til bransjebehovet. Vi inviterer blant anna matvarekjedene til samarbeid. På sikt håpar og trur eg at elevar med fagbrev i handel blir meir attraktive enn ufaglærte, seier Røe Isaksen.

Legg ned fag
Regjeringa følgjer også anbefalingane frå partane i arbeidslivet og Utdanningsdirektoratet om å leggje ned ein del lærefag som elevar kan søke å bli lærling i etter to år på skulen. Dette gjeld komposittbåtbyggjarfaget, storurmakarfaget, industrisaumfaget, idrettsanleggsfaget, sjømatproduksjon, industriell møbelproduksjon, industritekstil og design, industritekstilfaget fiskereiskap, støyperifaget, garverifaget og industriell skotøyproduksjon.

– Dei fleste av desse faga har i fleire år nesten ikkje hatt lærlingar. Når fag ikkje lenger er etterspurt i arbeidslivet, bør vi ikkje la elevar fortsetje å ta fagbrev i desse, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa foreslår også at kontor- og administrasjonsfaget vert lagt ned eller vert lagt om. I tillegg er det framlegg om å leggje ned sikkerheitsfaget, fordi bransjen ofte føretrekkjer å rekruttere gjennom private vektarkurs. Regjeringa vil også slå saman ei rekke lærefag.

LES OGSÅ: Betre trivsel på yrkesfag