Dei beste eksamenstipsa finn du på Framtida.no.

Vi har samla inspirasjon, nyttige tips og dei beste eksamensoppgåvene som gjer deg klar til å gjere ditt beste på eksamen.

Informasjon om rettar, studieteknikk og andre gode råd for korleis du kan førebu deg dei siste dagane fram mot eksamen:

1. Dette har du rett på når du skal ha eksamen – sju tips du bør kjenne til som student.

Er du nynorskbrukar, har du til dømes rett til å få eksamensoppgåva på nynorsk.


2. Slik kan du klara deg på eksamen – tre tips for å nytte dagane som er att.

– Den delen av hjernen du brukar til sexfantasier, er den same som du brukar når du skal memorera. Difor rår eg alle studentar til å ha sex på hjernen medan dei puggar, seier Frank Wedde.



3. Oddbjørn By har gode råd til korleis du får klisterhjerne til eksamen.

– Fordelen med teknikken er at viss ein skal hugse 200 ting til eksamen, og går gjennom det kvelden før, så veit ein nøyaktig kva som må terpast meir på. Terpinga kan ein gjere kvar helst, seier Oddbjørn By.



4. Slit du med eksamensnervar? Då bør du lytte til råda frå Sine Bjerregård Hanssen ved Universitetet i Bergen.

– Bekymrar du deg for at du ikkje kjem til å komme gjennom pensum? Prioriter!


 

Her er eit knippe relevante eksamensoppgåver:

5. Torstein Slettemoen si eksamensoppgåve der han tolkar «For trykkefriheten» og «Lagnaden sa vi».

«Kan dikta, trass at dei høvesvis er om lag 175 og 45 år gamle, vera aktuelle i dag?»


6. Synnøve Ofte Jakobsen si
eksamensoppgåve der ho tolkar «Betlehem 2005» og SMS frå Gilbert.

«Banksy spelar på kontrast i verket sitt, og er eit av verkemidla han nyttar. Borna er sjablongmåla i svart-kvitt. Paradislandskapet i ”holet” derimot er i klare fargar; det ser ut som eit fotografi og er ikkje stilisert som borna. »


7. Har du modernisme på pensum?
Her, her og her finn du relevante og gode eksamensoppgåver.

«Fridom, likskap og brorskap! Det var ei ny tid, samfunnet var i endring.»



8. Under emneknaggen
Fridtjov Oos legat finn du fleire knakande gode eksamensoppgåver.

Oppgåvene frå 2012 og frå 2013 er relevante, og mange har nytte av å lese Ola Esten Røssum (til venstre på biletet under) si oppgåve «Språk og identitet».

 

Tips frå studentar som har gjort suksess på eksamen dei siste åra:

9. Eksamenstips frå elevane som skreiv dei beste eksamensoppgåvene på nynorsk i 2016

– Først og fremst er det utruleg viktig å lese oppgåva nøye, og å fokusere på å få med seg alt oppgåva ber om, seier Vilde Amalie Tolo (midten i biletet under, saman med Amalie Trones og Per Sveino Strand)



10. Torstein Slettmoen sine beste tips til førebuing og gjennomføring på eksamensdagen.

– Den kanskje viktigaste måten å førebu seg på, er å løyse gamle eksamensoppgåver. Dette kan ikkje undervurderast, seier Slettmoen som fekk berre seksarar då han gjekk ut frå vidaregåande. 

 

11. Til slutt er det rett og slett berre å brette opp ermane.

«Eksamen er noko drit. Å drite i eksamen er likevel ein risikabel strategi», skriv journalist Runar Mæland.


 

Lykke til!

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 22.26

Kommentarar

ANNONSE