Brett opp ermene til eksamen

Debatt
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal du ta ein time til på lesesalen, eller gå heim og sjå den siste episoden av Westworld? Det er eit vanskeleg val. Mennesket er uhjelpeleg dårleg til å utsetje gleder og stå imot freistingar, sjølv når viktige oppgåver står på spel.

Difor lyttar me også ekstra godt når nokon fortel oss at det å motstå freistingane uansett ikkje er verdt strevet. Men så fort ein høyrer slikt, skal ein skjerpe den kritiske sansen.

Er eksamen så viktig?
«Drit i eksamen», er bodskapen frå Universitas-journalist Emilie Solberg. Det er ikkje mastergraden eller karakterane dine som sikrar deg jobb, seier ho, men evna til å brette opp ermene, stå på og ta på seg nye oppgåver når det krevst. Arbeidslivet endrar seg raskt, og kunnskapane du blir prøvd i på eksamen blir snart utdaterte uansett. Difor:

«Hvordan det går på eksamen er ikke så viktig. Det er hvordan du fungerer i arbeidslivet som betyr noe.»

Det speler altså inga rolle om du sluttar å lese og heller drar heim og ser på HBO. Eller?

Karakterane får meir å seie, ikkje mindre
Kandidatundersøkinga som NIFU lanserte i sommar gir eit litt anna bilete. Undersøkinga byggjer på svar frå nesten 4.000 personar som var ferdig utdanna med mastergrad våren 2015, og viser at karakterane har fått meir å seie for jobbmoglegheitene dine – ikkje mindre.

Som nyutdanna i 2011, hadde du nesten like stor sjanse for å få jobb anten karakterane dine var gode eller dårlege. For dei som avslutta masteren i 2015, var situasjonen ein heilt annan: Dei som gjekk ut med karakteren C hadde tre gonger så stor risiko for å vera arbeidsledig eller i irrelevant jobb eit halvt år etterpå, samanlikna med dei som gjekk ut med toppkarakteren A.

Forklaringa er enkel: Det har blitt fleire med utdanning, og færre ledige jobbar. Difor må arbeidsgivar oftare sortere på karakter når dei kallar inn til intervju.

Karakter og karakterar
Korleis kan Universitas, den største studentavisa i landet, nå motsett konklusjon? Kjelda journalist Solberg støttar seg på, er ei undersøking (pdf) som bemanningsbyrået Randstad (tidlegare Proffice) har gjort blant litt over 1.000 leiarar.

På spørsmål om kva eigenskapar det er spesielt viktig at tilsette i verksemda har, i lys av endringane i arbeidslivet, svarer dei fleste «Høy arbeidskapasitet og arbeidsmoral» (3 av 4) og «Evne til rask omstilling og til løpende å lære helt nye ting» (2 av 3). Berre 6 prosent svarar «Gode karakterer fra skole og studier».

Dette fortel oss noko. Når du først har fått jobb, er ikkje karakterane i seg sjølve så viktige lenger.

Men når ein arbeidsgivar skal tilsetje deg, er det ofte nettopp karakterane dei ser på for å vurdere arbeidskapasiteten og arbeidsmoralen din, og kor god du er til å lære nye ting. Gode karakterar – saman med relevant erfaring frå deltidsjobb, praksis, frivillige verv og så vidare – kan vere det som blinkar deg ut som ein kandidat med nettopp dei rette eigenskapane for jobben.

Fleire om beinet
SSB sin siste rapport om trendane i arbeidsmarknaden, som Solberg også viser til, forklarer litt av bakgrunnen. Det er fleire som tar høg utdanning innan ingeniørfag, økonomi og administrasjon, samfunnsfag og humaniora enn det arbeidsmarknaden etterspør.

Til kvar relevante jobb, må ein difor rekne med fleire søkjarar med same utdanning. Då er det fort den med best karakterar som stikk seg ut i bunken.

Brett opp ermene
For all del, du må gjerne ta deg tid til det siste SKAM-klippet. Gode pausar i lesinga er viktig, og stresslesing rett før eksamen er verken sunt eller lurt. Dessutan er klisjeen sann: Utdanning, karakterar, jobb og karriere er ikkje alt her i livet. Du skal leve, også.

Men å tru at utdanning og karakterar ikkje betyr noko for jobb og karriere, er diverre berre ønskjetenking. Me ønskjer alle å leve i ei verd der personlege eigenskapar alltid trumfar formelle kvalifikasjonar, men å late som at det er den verda me lever i, er ein risikabel strategi.

Så: Brett opp ermene, og gjer ditt beste på eksamen! Så kan du sjå fram til ein deileg juleferie med så mykje Netflix, HBO og NRK du berre orkar.

Her finn du eksamenstipsa du treng for å få god karakter: Slik kan du klara deg på eksamen

Les også om dei sju rettane du bør kjenne til når du skal ha eksamen!