Eit kritisk blikk på ekteskapet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er ekteskapet ein mekanisme for kontroll, spør stipendiat Andreas Ihlang Berg når Framtida.no møter han på teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Han forskar på korleis kjærleik mellom personar av same kjønn passar inn i eit kristent syn på ekteskap.

– Det tradisjonelle synet er at ein vert lukkeleg gjennom å vere gift, og at mannen og kvinna utfyller kvarandre. Men kva med dei som er skeive?

Skeivt perspektiv
Tidlegare i år vedtok kyrkjemøtet ein vigselsliturgi som kan nyttast av likekjønna par som ønsker å gifte seg i kyrkja.

Det har vore mykje debatt om kva som skjer med ekteskapet dersom to menn eller to kvinner får ta del i det. Nokre held fast ved eit konservativt syn på at berre ein mann og ei kvinne kan ta del i eit ekteskap, medan fleirtalet no meiner at det er kjærleiken, og ikkje kjønnet, til personane som er viktig.

Berg si forsking tek utgangspukt i eit skeivt perspektiv, inspirert av feministar og queer-teoretikarar frå inn- og utland. Han innrømmer at han har eit kritisk blikk på kva ekteskapet tyder, men understrekar at han er kritisk til normene, og ikkje dei nygifte.

Intervju om skeive på film og tv
Som ein del av doktorgradsarbeidet sitt har 33-åringen samla fem skeive, kristne personar til samtalar om samliv og relasjonar.

– Vi har analysert Tooji sin musikkvideo «Father», eit klipp frå TV-serien «Looking» og utdrag frå filmane «Paris is Burning», «Blue is the Warmest Color» og «Ta av mig», forklarar Berg.

Berg spør deltakarane om kva dei ser og kva dei kan kjenne seg att i. Diktafonen tek opp samtalane, og etterpå startar det møysommelege arbeidet med å overføre diskusjonen til eit tekstdokument som det er mogleg å analysere.

Å skrive ned kva informantane seier (transkribering) skal gjerast etter strenge reglar. Deltakarane i fokusgruppa har rett til å lese gjennom dokumentet etterpå, dei kan presisere eller endre ord og formuleringar, og dei kan også trekke seg frå forskingsprosjektet.

AndreasIhlangBerg2AEikenesWeb
– Dingsen min er veldig nyttig, seier Berg om diktafonen han nyttar i forskinga si. Foto: Åsmund H. Eikenes

Detaljerte forskingsfunn
Berg fortel at sjølve analysearbeidet vert mykje lettare når han kan gå tilbake til enkelte ord og formuleringar fleire månader etter at det vart sagt, og så finne sitatet og samanhengen ordrett.

– Dei fleste av oss får med oss lite av det vi høyrer. Vi høyrer det vi vil høyre. Men når eg går tilbake oppdagar eg nyansar som er viktige og ting eg ikkje var oppteken av å høyre i første runde.

Å utføre intervju med eit fåtal informantar er ein kvalitativ forskingsmetode, og vert som oftast nytta i samfunnsfagleg forsking.

– Eg kan ikkje seie noko generelt som gjeld alle, men eg kan seie noko. Fordelen er at eg kan vere detaljert i skildringane av funna mine, forklarar Berg.

AndreasIhlangBerg1AEikenesWeb
Andreas Ihlang Berg er stipendiat på Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Han har eit skeivt, og nokså kritisk, blikk på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes

Blir skeive inkludert?
Stipendiaten forklarar at forsking på ekteskapet berre er ein del av kunnskapen som trengs for å forstå kva som gjer at skeive kjenner seg annleis i eit moderne samfunn.

– Kva er det som gjer at skeive personar vert inkludert i samfunnet, men fortsatt er meir sårbare, har høgare risiko for sjølvmord, hatvald og diskriminering? Eg lurer på om det stemmer at tilgang til ekteskapet gir ei løysing på samfunnsproblema som skeive opplever.

Han argumenterer for at like rettar ikkje umiddelbart betyr inkludering. Han stiller også spørsmål ved kvar grensene for inkludering i ekteskapet går.

– Dersom uttrykket blir for skeivt, er det plass til dei då?

Berg synest sjølv at det er viktig at han og andre skeive har moglegheiten til å gifte seg. Han er likevel usikker på om ekteskapet er det einaste svaret på korleis ein kan bli lukkeleg.

– Det finst andre måtar å leve liva sine på enn ekteskapet. Disney-framtida er kanskje ikkje reell, og det er vel eigentlig ikkje så farleg.

LES OGSÅ: Historia om Isak og Even får fleire unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen


Faktaboks

Andreas Ihlang Berg

Stipendiat på Teologisk fakultet, UiO

Prosjekt: Eit queerteologisk blikk på intimitet

Dings: Diktafon