Fabeldyr forandrar familietreet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis hadde forskingsnytt frå Harry Potter-universet sett ut? Her er eit fornøyeleg døme frå The Science Creative Quarterly, som ifølgje redaktør David Ng publiserer både vitskapshumor og oppdikta, satirisk forsking.

Fabeldyr har magiske eigenskapar, men er likevel fundamentalt sett dyr. Men kvar høyrer gigantiske edderkoppar, basiliskar, gnomar og havfolk heime i familietreet saman med hundar, kattar og oss menneske?

Forfattar og forskar Newt Scamander har saman med kollegaer ved Magizoologisk museum starta arbeidet med å kartlegge slektskapet mellom fabeldyr og ordinære dyr.

Prosjektet er eit samarbeid med Kontoret for gompedialog og Avdeling for regulering og kontroll av magiske skapningar ved Magidepartementet. Resultata vart publisert i volum 2 av tidsskriftet The Science Creative Quarterly.


Fabeldyret graphorn. Foto: Youtube.

DNA frå 46 fabeldyr
Ved hjelp av blodprøvar frå 46 ulike fabeldyr og eit utval ordinære dyr (basert på skildringar i Fantastic Beasts and Where to Find Them), har forskarane no laga eit oppdatert familietre.

Til å utføre den genetiske kartlegginga, har forskararne nytta høgteknologiske og moderne laboratoriemetodar. Mellom anna tok dei i bruk heil-genomsekvensering med shot-gun-metoden på ein Illumina HiSeq2000.

Software som tBLASTx og ClustalW vart nytta for å analysere og tolke DNA-sekvensane. Til slutt tok forskarane i bruk dataprogrammet RAxML v 8.0.0. for å sette saman eit maximum likelihood-tre for slektskapet mellom artane.

Viktige gjennombrot
Resultata viser fleire spennande oppdagingar, mellom anna at fabeldyret Diricawl er genetisk svært likt den påstått udøydde fuglen Dodo. Resultata opnar for at Dodoen ikkje er utrydda slik som ein tidlegare har trudd, men at den istaden har utvikla seg til eit fabeldyr.

Vidare peikar familietreet på ei omfattande utvikling og mangfald i gruppa av fabeldyr som er nærast i slekt med oss menneske. Denne delen av familietreet har ei ei eiga grein med troll, gnomar og den avskyelege snømannen, som alle er i slekt med oss menneske.

HarryPotterFylogenetikk1
Ein del av familietreet kalla Bogeyreta, der menneske og dei næraste slektningane, inkludert Den avskyelige snømannen (Yeti), er gruppert saman. Foto: SCQ.

Forskarteamet konkluderer også med at det er liknande grad av genetiske endringar i ulike delar av familietreet. Dette peikar mot ei enkelt hending som har utsett dyr for magi og forårsaka utviklinga av fabeldyra. Forskarane er ikkje sikre på når denne hendinga har funne stad, men understrekar at vidare forsking vil kunne presisere eller avkrefte denne hypotesen.

Fagfelt i vekst
Andre forskarar som er interesserte i å studere det genetiske datamaterialet frå fabeldyra vert oppfordra til å ta kontakt med forskarane. Grunna magiske lovar er det forbode å legge DNA-sekvensane ut på databasen GenBank.

I same nummer av tidsskriftet kan du også lese om mutasjonen som gjer at nokre trollmenn kan snakke med slangar, samt genet bak funksjonen til polyksir og genet WZRD1, ei mogleg forklaring på trollmann-fødde, men ikkje-magiske personar.

 

Kjelde: Preliminary Phylogeny of Magical and Ordinary Creatures: Evidence of a Recent Diversification. Wesley Gerelle, Newt Scamander, & Ammar Vahanvaty. The Science Creative Quarterly, 2015. Artikkelen kan du lese HER.

Her kan du sjå fleire av dei fantastiske fabeldyra:

Framtida.no gjer lesaren merksam på at forsking på magiske vesen frå Harry Potter-universet sjølvsagt berre er tull og fanteri. #FakeNews #Faktisk