Fem om dagen gav større hjerne

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva var grunnen til at nokre av primatane utvikla større hjerne for mange millionar år sidan?

No har tre forskarar frå New York University (NYU) lagt fram ein ny hypotese: frukt.

Tidlegare har ein gått ut ifrå at primatar utvikla større hjerne fordi dei levde i sosiale grupper. Den såkalla «sosial hjerne»-hypotesen seier at kompleks sosialisering mellom dyra førte til utvikling av ein meir kompleks hjerne.

Eit liv i store grupper, med samarbeid, kommunikasjon og slåstkampar, gav eit evolusjonspress som førte til dyr med auka hjernestorleik.

Nye data frå 140 ulike artar
Forskarane ved NYU samla inn data frå langt fleire primatar enn i tidlegare studiar, heile 140 ulike artar (inkludert apar, apekattar, luriar og lemurar). Dei tok også i bruk oppdaterte evolusjonstre og avanserte statistiske metodar.

Konklusjonen deira er at det er primatane som et frukt i staden for blad som har dei største hjernane. Det var derimot ingen klar samanheng mellom gruppestorleik og hjernestorleik.

– Det er meir mentalt utfordrande å ete frukt enn å ete blad, uttalar stipendiat Alex DeCasien til Science, og forklarar at for å finne frukt som er vanskeleg tilgjengeleg, treng dyra å navigere, klatre og hugse mykje betre enn apar som berre et blad.

skulls_1
Primatane som et frukt (slik som edderkoppapar, til venstre) har om lag 25 prosent større hjernar enn like store apar som berre et blad (til dømes hyleapar, til høgre). Hovudskallar frå Center for the Study of Human Origins (CSHO). Foto: Megan Petersdorf.

Gevinst ved å vere flokkdyr
Sjølv om det er freistande å konkludere med at det er evna til å finne, oppdage, gripe og ete frukt, og ikkje komplekse, sosiale samspel, som er årsaka til den evolusjonære suksessen til mennesket, så er det ikkje sikkert at svaret er så svart/kvitt, innrømmer DeCasien til Science.

– Den nye studien bekreftar ting vi delvis har visst, og delvis har mistenkt heile tida, skriv Petter Bøckman, universitetslektor ved Naturhistorisk museum i Oslo, i ein epost til Framtida.no.

Han meiner at overgangen frå næringsfattige blad til energirik frukt berre var ein føresetnad for eit liv i sosiale grupper, og trekk fram gorilla, sjimpanse og menneske som eksempel.

Gorillaen et berre blad og grønsaker, og har ein ganske lite hjerne i forhold til kroppen. Sjimpansen et blad, frukt og rått kjøtt, og har ein ganske stor hjerne. Mennesket tek i bruk eld for å lage til kjøtet slik at maten vert endå lettare å fordøye, og har då ein enorm hjerne.

– Det er maten som har tillate oss å få ein så stor hjerne, men det er ikkje maten som har gitt sjølve seleksjonspresset mot ein stor hjerne. Gevinsten ved å vere eit flokkdyr ser ut til å vere ganske universell hos apar, seier han.

Menneskehjernen
Det amerikanske forskarteamet har ikkje tilstrekkeleg bevis for å konkludere med at frukt var viktigare enn sosialisering, men ønskjer å bidra til å belyse samspelet mellom dei to fenomena.

– Resultata våre set spørsmål ved den noverande vektlegginga av sosiale og ikkje økologiske forklaringar for evolusjon av store hjernar hos primatar, skriv dei i artikkelen.

– Ein kombinasjon av diett og sosial kompleksitet gir meir meining for meg, skriv professor Christopher Henshilwood ved Universitetet i Bergen i ein epost til Framtida.no.

Henshilwood fekk nyleg tildelt eit stipend frå Forskingsrådet for å forske på utviklinga av det moderne mennesket dei siste 100 000 åra. Senteret har tittelen «Centre for Early Human Behaviour», og har som mål å kartlegge korleis det moderne mennesket vart moderne.

Henshilwood forklarar at menneskehjernen har utvikla seg svært fort, grunna betre diett, betre teknologi og meir komplekse sosiale system.

– «Sosial hjerne»-hypotesen speler fortsatt ei viktig rolle i evolusjonen av kognitiv kompleksitet, konkluderer han.