Susanne Myklebust Egset forklarar «mansplaining».

Det engelske nyordet mansplaining dukka hyppig opp under valkampen i USA, og har byrja å feste seg i mange kretsar rundt omkring i verda. Ordet er samansett av man og explaining, og skildrar eit fenomen som mange kvinner føler seg utsette for, og som mange menn unekteleg bør kjenne seg att i.

Ordet blei for alvor introdusert av forfattar Rebecca Solnit i essayet og etter kvart boka Men explain things to me utgitt i 2008.

Mansplainingblei kåra til årets ord av New York Times i 2010, og i Australia fekk det same tittel i 2014.

I 2016 såg islendarane behovet for å lage ein lokal språkvariant, gode språkrøktarar som dei er. Hrútskýring tyder bokstaveleg talt bukkforklaring, der bukk er referansen til det maskuline i situasjonen. Tyskarane har kome med alternativet herrklären, franskmennene mecspliquer og spanjolane machoxplicar.

Les også innlegget: «Son of a bitch!»

Desse orda skildrar den for mange velkjente situasjonen der visse menn tek det for gitt at det er deira oppgåve i livet å forklare andre, då spesielt kvinner, korleis verda eigentleg fungerer. Dette skjer uavhengig av om kvinna har like stor eller endåtil meir kompetanse på temaet enn han.

Det er gjerne ein mann som (over)forklarar noko til ei kvinne fordi han går utifrå at ho ikkje veit noko om det i kraft av å vere kvinne, eksempelvis fotball og verktøy. Det kan også vere når ein belærande mann forklarar noko for ei kvinne som handlar om kvinneliv. Det kan vere ein realitykjendis (Donald Trump) som forklarar ein politikar (Hillary Clinton) at han kan meir om politikk enn henne.

Fenomenet er nedsettande og fordummande, og det førekjem i alle kretsar og samfunnslag. Det skjer med politikarar, forfattarar, kommunikasjonsfolk, journalistar og feministar. Det kanskje mest dagsaktuelle eksempelet er når høglytte menn tek over kommentarfelta for å forklare at mansplaining ikkje ein gong eksisterer.

Mansplainingkan framstå som uskuldig i enkelttilfelle, men fenomenet er faktisk eit symptom på eit reduserande kvinnesyn. Det må sjåast på i samanheng med menns definisjonsmakt i samfunnet og må derfor takast på alvor.

Mansplaininghar ikkje fått noka norsk omsetting, men blei diskutert i Språkteigen 23. februar i år, der seniorrådgjevar i Språkrådet Ole Kristian Våge sa seg einig i at det er viktig å finne norske ord for å skildre noko som er aktuelt, før det engelske ordet får feste seg.

Nokre vil kanskje argumentere med at betrevitar er eit dekkjande ord for det, men då vil kjønnsaspektet gå tapt, og heile poenget med ordet er å synleggjere at dette unekteleg har samanheng med kjønn.

Dessutan er dei norske forslaga så saftig gode! Tygg litt på desse: Mannstruering. Testikkulering. Gubbelæring. Formanning. Fyrklaring.

Innlegget var først publisert i Norsk Tidend.

Les også innlegget: Det unormale kvinnekjønnet

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE