Fleire tar mindre utdanning enn foreldra.

NPK-NTB
NPK-NTB

Kvar fjerde student i Noreg har foreldre utan høgare utdanning. Resten kjem frå familiar med bakgrunn frå universitet eller høgskule.

OECD-tal viser at 21 prosent av norske studentar har foreldre som ikkje har vidare utdanning etter vidaregåande skule, mens 6 prosent berre har grunnskule, skriv Aftenposten. Dei resterande 73 prosentane har altså foreldre med høgare utdanning, viser Oppvekstrapporten frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Professor Kjell G. Salvanes ved Noregs handelshøgskole seier det er ei utbreidd oppfatning at det er lett for barn i Noreg å gjere det betre enn foreldra når det gjeld jobb, inntekt og utdanning.

– Framleis har den sosiale bakgrunnen til barn relativt lite å seie for deira inntektsutsikter som vaksne i Noreg, her er den sosiale mobiliteten høg. Det paradoksale er at det ikkje stemmer for utdanning. For utdanning er mobiliteten forbausande lik den vi ser i andre land, blant anna i USA, eit land med stor skilnad på inntekt og låg sosial mobilitet, seier Salvanes, som har skrive ein artikkel i Bufdirs rapport.

OECD-tala viser også at samanlikna med andre land, er det fleire i Noreg som tar mindre utdanning enn foreldra.

(©NPK)

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28
ANNONSE