Snart kan du studere fotball i Sogndal

Frå hausten skal Høgskulen på Vestlandet tilby trenarutdanning.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Sogndal: – Me har tru på opplegget og med det integrerte fellesskapet me har her på campus, så er det alle grunnar til at me skal lukkast. Men du veit aldri, så me er litt spente, seier høgskulelektor Joar Fossøy.

Han er programansvarleg for bachelorutdanninga Idrett og kroppsøving i Sogndal. Nyvinninga neste skuleår er at du i tillegg vil få ei trenarutdanning i fotball på vitnemålet.

– Gulrota er at studentane får ein NFF Grasrottrenaren (tidlegare C-lisens) når dei er ferdige. Me jobbar mot vidare lisensiering, men det er ikkje på plass endå, seier Fossøy.

Les også: Mange vil bli drømmetrenarar

Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal

NFF Grasrottrenaren er det første trinnet av fire på utdanningsstigen til NFF. Det neste er B-lisens, som krev eit års praksis som trenar.

Ein viktig føresetnad for satsinga er samspelet med Sogndal Fotball og kretsen, som dei siste åra har blitt endå tettare. Eit overordna mål er å heve kunnskapsnivået på dei som trenar dei yngre aldersgruppene.

– Sjølvsagt er det mogleg å gå vidare og satsa mot toppfotballen etter å ha tatt bachelor hos oss, men den er i utgangspunktet retta mot barne- og ungdomsfotballen. Det er der behovet er, seier Fossøy.