«Det er ingen tvil om at vi har mange i partiet som står opp for nynorsken», skriv Lise-May Sæle. I helga tapte ho i saka om sidemålskarakter på Høgres landsmøte.

Eg viser til BT sin leiar «Kunnskapslaust, kulturlaust og udanna» 15.03.2017. Når eg diskuterer sidemålsopplæring, er det alltid med stor iver og lyst. Innlegget peikar på fleire viktige moment; der i blant kvaliteten på sidemålsundervisninga. Der er me på god veg samde.

Her er saka: Høgre: Framleis nei til sidemålskarakter

Nynorsken, som ei av to likestile målformer i dette landet, har fleire preg og kvalitetar som elevane i dag må få kunnskap om. Korleis dette skal gjerast, er det fleire meiningar om. I beste meining vil ingen utradere målforma. Intensjonen til kunnskapsministeren har vore å skape større engasjement og læringstrykk ved å integrere det betre inn i læreplanar og kompetansemål. I tillegg til at begge målføre må eksponerast for elevane på eit mykje tidlegare stadium, enn kva det vert i dag.

Eg ynskjer ein brei og god debatt rundt dette. Korleis hevar ein kvaliteten på ei undervisning som er mykje omstridt og omtala? Korleis formidlar vi og motiverer lærarstudentane til å drive ei drivkraftig sidemålsopplæring? Dette er viktige spørsmål å reise. Det er når studentane sjølve har sett eigenverdien til nynorsken, at dei sjølv kan bere dette fram for elevane. Om vi mislukkast i første fase (formidlinga), er det ikkje rart om me ikkje oppnår full klaff ute i klasseromma. Sidemålsopplæringa vert diskutert lite, men heller at ein meiner kriteria med eksamen og karakter er viktigare enn kva kvaliteten på det som vert gjeve er.

LES OGSÅ: – Eg ville gi deg ein nynorskbutton, ikkje klamydia

Det er ingen tvil om at vi har mange i partiet som står opp for nynorsken. Vi var ikkje mange nok under landsmøtevoteringa. Men stemninga er mykje meir moderat enn berre for nokre år sidan. Det er positivt. Tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland, er ein av mange gode ambassadørar for sidemålet og nynorsken i partiet. Håvard B. Øvregård i Oslo Høgre, tidlegare leiar i Noregs Mållag, er også ein viktig mann for målkampen i Høgre. Partiet treng fleire slike som desse.

Vidare ser framtida lys ut. Tal nynorskbrukarar har auka med 1% dei siste 10 åra, og det er mange personar i denne eine prosenten. No er vi 14,1% som nyttar nynorsken i kvardagen. Det er veldig positivt. Vi ser også at media tek eit større ansvar for å verne kronjuvelen vår i kulturarven – fleire saker vert skrivne på nynorsk og oppslutnaden er større. Det er ein tydeleg framgang enn då eg måtte kverulere meg til at innlegget mitt i Aftenposten Si;D ikkje skulle omsetjast til bokmål i 2013. Eg vann den kampen – og fleire kampar skal vinnast på dette feltet.

Om ein ser denne saka frå dei som har nynorsk som hovudmål, kjem det også opp interessante problemstillingar. Får ikkje vi ei lika konkret og handfast opplæring i vårt sidemål? Eg ville aldri vore forutan mi opplæring i bokmål, og den har kome godt med.

Til slutt får ein berre understreke dette; skal ein verte ein betre fotballspelar, nyttar det ikkje berre å trene høgrefoten – me treng ei lika god øving i venstrefoten også. Dette for å verte gode fotballbrukarar, som kan ta både brassespark, tunnellar og sløyfepasningar – på strak arm. 

LES OGSÅ: – Nynorsk er sexy

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE