Faktaboks

Stamming er ei talemotorisk vanske som inneber ufrivillig stopp av lyd eller luft

Det dreier seg oftast om repetisjonar av lydar, stavingar og ord, som oftast oppstår i byrjinga av ei ytring eller eit ord. Forlenging av lydar eller blokkering er òg vanleg. I tillegg får ein del ufrivillige rykkingar i kjeve, hovud eller andre kroppsdelar og/eller blinking

Oppstår i 2-5-årsalderen og er betydeleg meir utbreidd blant gutar enn jenter

Ein reknar med at om lag 10 prosent av barn stammar i større eller mindre grad i ein periode av livet, men dei fleste sluttar av seg sjølv

Tidlegare trudde ein at folk stamma av psykiske årsaker, men no er dei fleste einige om at stamming har nevrologisk eller fysiologisk opphav. Stamming vert påverka av mange ulike forhold og kan endra seg over tid.

Kjelde: SNL, Ord til besvær

LES FAKTALUKK FAKTA
 

 – Folk set pris på at eg er open og det gjer det mykje enklare for meg sjølv også. Då slepp eg å bruka så mykje tid på å unngå ord og situasjonar, noko som kan vera veldig slitsamt, seier Jon-Øivind Finbråten.

26-åringen frå Eidsvoll er i dag nestleiar i Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS).

Skjult for dei næraste
Me møter Finbråten på Majorstuen før han tek fatt på dagen i praksis som logoped – eit karriereval me kjem tilbake til.

26-åringen fortel om når han og kjærasten skulle på kino og måtte ha 3D-briller – eit ord han stammer veldig mykje på.

– Ho trudde det var ein klein situasjon der det handla om at eg ikkje ville betale, medan det eigentleg dreidde seg om at eg var redd for å seie det ordet. Slike situasjonar kan bli veldig kjipe, men det løyste seg, fordi eg byrja å snakke om det, forklarar han.

I periodar har han klart å skjule stamminga for både kjærast og militærkameratar. Trikset er å byte ut vanskelege ord med synonym.  «T-t-t-to stykker» kan enkelt gjerast om til «eit par», men i andre tilfelle kan det føra til misforståingar.

– Det er veldig stress. Ein har jo ikkje lyst å bli avslørt i møte med nye menneske. Det er kjipt når dei finn ut av det, fordi det betyr jo at du faktisk s-stammar på eit ord. Du vil jo eigentleg at samtalen skal handla om noko anna, seier Finbråten.

Skjult handikap
Internasjonale undersøkingar viser at personar som stammar i snitt melder om lågare livskvalitet, enn personar som ikkje stammar. Finbråten synest at omgrepet «skjult handikap» er ei god skildring av stamming og forklarar at det handlar om korleis ein sjølv oppfattar situasjonen opp mot eiga livsmeistring.

– Om det hindrar deg i å utføre det du har lyst til i løpet av ein dag – eller kva du vil oppnå i livet, så er det jo eit handikap, forklarar han.

Som nestleiar i NIFS kjem han i kontakt med mange menneske som let store val i livet bli styrt av stamminga. Det dreier seg då ofte om å finna ein karriereveg der ein må snakka minst mogleg. Han fortel også om personar som vel å isolere seg frå sosiale settingar.

Livet med stamming
– 
Ved å vera open håpar eg å gjera det enklare for andre å snakka om det. Eg håpar at ein kan stamma utan at det er eit issue, slik at personar slepp å stenge seg inne og ende opp ufør, seier Finbråten.

Finbråten er ein av ni personar som fortel si historie i Ord til besvær – Livet med stamming. Boka vert gitt ut av NIFS med støtte frå Extrastiftelsen.

Styreleiar Martin Aasen Wright er glad for at Finbråten ville bidra med si historie.

– Det finst mykje faglitteratur om kva stamming er, men dette er den første boka i Noreg som legg vekt på enkeltmenneske og livshistoria til dei som stammar, seier Wright.

Han håpar at boka kan bidra til å bryta ned fordommar gjennom å auke kunnskapen og forståinga rundt noko dei fleste på ein eller annan måte kjenner til.

Lurer du på korleis det er å ha dysleksi? Prøv denne dysleksisimulatoren! 

Stammehøvdingar
Dei siste åra har det ikkje gått ein dag utan at Finbråten har tenkt på stamming. Etter å ha teke lektorutdanning med matematikk og historie har han valt å ta mastergrad i logopedi. Draumen er å verta stammelogoped for å hjelpa andre i same situasjon

Gjennom studiet har han fått nye perspektiv på stamming og skjønt meir av korleis det heile heng saman. Han trur hans eigne erfaringar vil vere ein stor fordel i yrket, men har blitt åtvara om at det kan bli utfordrande i lengda å jobba med talevanskar som han sjølv slit med.

– Det blir livet ditt, både arbeidskvardagen og noko du har ved sida av. Det kan kanskje bli veldig omfattande, seier Finbråten.

Logopedstudenten er klar over at det kan bli tøft å ikkje få noko pusterom, men peikar på at fleire av dei mest kjente stammeforskarane har stamma sjølv.

– Ein del av dei som i dag er stammehøvdingar – som me seier – stammar sjølv, smilar Finbråten.

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve! 


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE