KrFU treng refleksjonstid om abort

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrFU tause om abortforslag

– Generelt meiner me at tiltak for å førebyggja at kvinner tek abort er kjempeviktig. Me ynskjer å leggja til rette for at alle kvinner kan bere frem barnet sitt om dei blir gravide, og då må me politikarar leggje til rette for det.

Det skriv KrFU-leiar Ida Lindtveit i ei tekstmelding til Framtida.no.

KrFU-svar i mai
Ungdomspartiet er høyringsinstans for KrF sitt nye programutkast for stortingsperioden 2017-2021. KrF-nestleiar Dagrun Eriksen, som har leia programarbeidet, har allereie fått mykje kritikk for forslaget om å innføra inntil to døgns obligatorisk refleksjonstid etter rettleiingstime, før ei kvinne kan få abort.

KrFU-leiaren varslar at dei vil koma med sine høyringsinnspel i mai.

– Sidan dette er ei svært viktig sak vil eg helst diskutere det med vårt sentralstyre før eg uttalar meg om akkurat denne saka, skriv Lindtveit.

LES OGSÅ: KrFU krev gratis langtidsprevensjon – delte ut kondomar på gata

Statsministeren: – Ikkje aktuelt
I fjor vart det utført rett over 14.000 abortar i Noreg – noko som er ein del av ein jamn nedgang sidan 2008. I 2015 var det òg det lågaste tala på tenåringsabortar sidan registreringa starta i 1979.

Til Klassekampen, som først omtala saka om KrF-forslaget uttala Eriksen at:

– Eg trur mange tek avgjerda nesten utan at dei føler at dei heng med.

Forslaget har møtt krass kritikk frå mellom andre Venstres Sveinung Rotevatn, som er uroa for den praktiske gjennomføringa i Distrikts-Noreg.

–  Framlegg om ei pålagt  «refleksjonstid» insinuerer at kvinner tek ureflekterte val: at dei nærast slentrar innom legekontora for å be om abort, seier Venstre-politikaren til Klassekampen.

Leiar i Hordaland SV, Gina Barstad, kritiserer i eit innlegg i Bergens Tidende KrF for å freista å gjera det vanskelegare å gjennomføra ein abort ved å innføra ein «skamdag», ikkje ulikt partisekretær i SV Kari Elisabeth Kaski, som kallar det å sende kvinner i «skammekroken».

Òg statsminister Erna Solberg, som i 2014 hadde ein tøff runde med KrF sitt reservasjonsrettsforslag, meiner forslaget ikkje er aktuelt. 

– Eg er einig med SV og Ap om at me ikkje skal rokke ved kvinners rett til abort, men eg blir oppgitt over korleis Ap og SV alltid skal så tvil om intensjonane til KrF, seier Solberg til Aftenposten.

Torsdag møtte Kaski KrF-nestleiaren til debatt i Politisk kvarter. Eriksen viser til land som Tyskland, Finland og Nederland, som allereie har liknande ordningar.

– Dette er for å sikre at det valet ein gjer er informert, at ein har fått informasjon og at ein på bakgrunn av den informasjonen tek den endelege avgjersla, seier Eriksen, som ikkje har tal på kor mange som tek avgjersla utan at dei «heng med».

Ho avviser at det er eit tiltak som tek sikte på at kvinner skal gå heim og ombestemme seg, og understrekar at det handlar om å styrkja rettleiinga.

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod

Ei til to veker ventetid
Leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen, seier til Aftenposten at ho aldri har høyrt om ei kvinne som har fått time til abort på dagen, då dette ikkje vert sett på som akutt.

– Som regel får kvinna beskjed om å vente ei til to veker, det kjem an på kor langt ho er kome i graviditeten. Om ei kvinne er til dømes 11 veker på veg forsøkjer sjukehusa å ta ho inn så raskt som mogleg.

Retten til sjølvbestemt abort varer som kjent inntil veke 12 av svangerskapet.

Faktaboks

Andre abortførebyggjande forslag frå KrF:

• Kvinner som søkjer abort skal få rettleiing, før ei «obligatorisk refleksjonstid» på 1-2 døgn, før aborten kan gjennomførast

• Erstatte abortlova med ei lov som sikrar «rettsvern for det ufødte liv»

• At kvinner med minoritetsbakgrunn skal få informasjon om prevensjon og alternativ til abort

• Stramme inn lova når det gjeld abort etter påviste avvik hos fosteret og ikkje tillate abort på eugenisk indikasjon

• At det automatiske tilbodet om fosterdiagnostikk til kvinner over 38 år blir avvikla

Kjelde: Klassekampen