Jenter blir gløymt i spesialundervisninga
7 av 10 elevar som får spesialundervisning i grunnskulen er gutar. Forskar meiner jenter med lærevanskar ikkje blir fanga opp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jentene blir gløymt
Stadig fleire elevar får spesialundervisning, men det er ingen merkbar auke i talet på jenter som får denne typen hjelp. Det reagerer Ingrid Fylling på. Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Nordland og har forska spesielt på kjønnsforskjellar i spesialundervisninga.
LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor
Gløymde jenter
– Med så merkbare endringar som vi har sett i norsk skule dei siste åra, er det spesielt at dette held fram med å vere uendra, seier Ingrid Fylling til Vårt Land.
Ho meiner statistikken avisa har henta inn, som viser at 7 av 10 som får spesialundervisning i grunnskulen er gutar, ikkje fortel at gutar er svakare på skulen enn jenter – men at jentene blir gløymde.
LES OGSÅ: Fleire får spesielundervisning
Problem for seg sjølve
– Jentene gjer ikkje krav på same type merksemd. Dei trekkjer seg tilbake, er snille og greie. Strategiane til gutane for å hanskast med lærevanskane er ofte mykje meir synlege, og då blir dei ei utfordring som læraren må ta tak i også for sin eigen del. Men jentene representerer ikkje noko større utfordring for læraren. Jentene blir berre eit problem for seg sjølve, seier Fylling til avisa.