23 prosent fleire som tar kontakt.

NPK
NPK

Stadig fleire ungdommar nyttar seg av samtaletilbodet til Røde Kors, Kors på halsen. Talet på ungdommar som tek kontakt via chat er nesten dobla sidan 2015. 

– Det er gledeleg å sjå at fleire tek kontakt med oss. Vi kommuniserer med barn og unge i fleire kanalar, og justerte i fjor opningstida med to timar til klokka 22 for å møta behova til barna, seier leiar for Kors på halsen, Nelli Kongshaug i ei pressemelding.

Kors på halsen er eit anonymt samtaletilbod for alle barn og unge i heile landet opp til 18 år. Via telefon, e-post eller chat kan dei få snakka med ein trygg vaksen om det dei har på hjarta.

Totalt auka talet på barn og ungdom som tok kontakt i fjor med 23 prosent. Stadig fleire tek kontakt via Kors på halsen-chatten. Pågangen der auka med heile 94 prosent i fjor samanlikna med året før. Samtidig fall talet med kontakt via telefon med 11 prosent i same periode. Dette er ein trend organisasjonen har sett i fleire år.

– Behovet for å snakka med nokon er like stort i dag som tidlegare, men vi ser at ungdom har lågare terskel for å kontakta oss på nett. Telefonen blir hovudsakleg brukt til "lettare" samtalar, som til dømes einsemd og det å kjeda seg, medan chat og e-post blir brukt til tyngre samtalar, som sjølvmord, fortel Kongshaug.

I tillegg til at fleire unge tek kontakt, er det også fleire som tek opp alvorlege tema. Rundt halvparten av førespurnadene handlar om psykisk helse, negative kjensler, kropp og helse og relasjonar, skriv Røde Kors. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15
ANNONSE