Små marginar kan avgjera valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterpartiet vann februar med ein framgang på 2 prosentpoeng til 9,8 prosent, ifølgje gjennomsnittet av ni stortingsmålingar som Poll of polls har rekna ut.

Det bidreg til eit fleirtal for den noverande opposisjon med 88 mandat til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, MDG og Raudt.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF vil få til saman 81 mandat dersom valresultatet blir som gjennomsnittet i februar.

SV og Venstre
Men februarmålingane viser heilt tydeleg at små marginar kan vippa fleirtalet.

SV endar med eit gjennomsnitt i februar på 4,14 prosent. Avstanden ned til sperregrensa er rundt 4.000 stemmer. Venstre endar med eit snitt på 3,97 prosent. Avstanden opp til sperregrensa er 800–900 stemmer, dersom talet på stemmer til hausten blir 2,8 millionar slik det var ved valet i 2013.

Ei utrekning Poll of polls har utført, viser at dersom Venstre blir justert opp til 4,0 prosent og dei andre partia blir haldne uendra, fell fleirtalet til opposisjonen til 86 mot 83 mandat. Dersom ein går ut frå at SV får 3,99 prosent og Venstre fire blank, får dei blåblå og støttepartia fleirtalet med 86 mot 83 mandat.

Sp-framgang
Senterpartiet har klatra jamt og trutt dei siste månadene. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum ville fått ei stortingsgruppe på 18 mandat dersom februar-snittet hadde vore val.

Det er seks fleire enn desember-snittet ville gjeve, og åtte fleire enn dei har i dag.

Arbeidarpartiet har størst tilbakegang frå januar til februar med eit fråfall på 2,4 prosentpoeng til 33,1 prosent. Det er fjerde månaden på rad med tilbakegang for det største partiet i landet, ned frå 36,6 prosent i oktober.

SV er over sperregrensa for fjerde månad på rad med ein oppslutnad på 4,1 prosent, ned frå 4,3 prosent i januar.

Stabilt for regjeringa
Oppslutnaden om Høgre og Frp er nesten uendra i dei to første månadene i år. Snittet til Høgre i februar blei 23,4 prosent – det same som i januar, mens Frp går fram 0,1 prosentpoeng til 14,0 prosent.

Venstre har med nød og neppe krabba over sperregrensa på gjennomsnittet av målingane dei siste to månadene, men fell så vidt under i februar. Eit val med desse tala, ville krympa stortingsgruppa frå ni til tre representantar.

KrF opplevde ein mindre tilbakegang frå januar til februar, ned frå 5,2 prosent til 4,9 prosent. Talet på mandat blei uendra.

Med eit snitt på høvesvis 2,8 prosent (+0,3) for MDG og 2,1 prosent (uendra) for Raudt, ville begge desse kome inn med eitt stortingsmandat basert på februarmålingane. (©NPK)