Seier ja til blodprøve som kan avdekkje Downs syndrom


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ja til blodprøve som kan avdekkje Downs
Helsedepartementet godkjenner bruk av blodprøven NIPT for å redusere behovet for morkake- og fostervassprøvar hos gravide med rett til fosterdiagnostikk.
Både Helsedirektoratet og Bioteknologirådet har anbefalt å ta i bruk blodprøven NIPT, men Helsedirektoratet anbefaler ei meir avgrensa godkjenning enn Bioteknologirådet.
– Vi godkjenner blodprøven innanfor dei strenge vilkår for fosterdiagnostikk vi har i dag og i samsvar med Helsedirektoratets anbefaling, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Han seier at føremålet med godkjenninga av blodprøven NIPT (Non-invasive prenatal testing) er å redusere behovet for morkake- og fostervassprøvar og dermed redusere risikoen for spontanabort som desse prøvane representerer.
Fosterdiagnostikk er i hovudsak reservert gravide som har auka risiko for å få barn med alvorleg arveleg sjukdom eller utviklingsavvik, blant anna dei som er 38 år eller eldre ved termin.
(©NPK)