Berre to nye oljestudentar ved NTNU
Færre unge vil inn i petroleumsbransjen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre to nye oljestudentar
I 2014, før oljeprisfall og 50.000 stillingskutt i bransjen, var det 60 førsteårsstudentar i petroleumsfag ved NTNU. I år er det berre to.
På petroleumsfag i Trondheim er det no berre rundt 90 studentar igjen fordelt på fire årskull, og berre to av dei er studentar på førsteåret, ifølgje Dagens Næringsliv. Ved Universitetet i Stavanger kom i fjor alle søkjarar til bachelorstudiane i petroleum inn, for første gong på 15 år. På restetorget låg det igjen plassar både til studiar i petroleumsteknologi og -geologi.
LES OGSÅ: Olja har vore ei gigantisk sovepute
Gryande optimisme
Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) er skremt med tanke på at det kan bli mangel på kompetanse om oljepila begynner å peike oppover igjen:
– Mange har peikt på at 2017 antakelegvis er året då det botnar ut. Eg opplever når eg er rundt no, at det er gryande optimisme, forsiktig optimisme, både i leverandørindustrien og oljeselskapa. Eg ser lyst på åra som kjem. Eg håpar berre vi ikkje får ein for bratt opptur igjen, at vi endar der om tre-fire år at plutseleg er det ikkje folk å hente inn igjen i bransjen, seier Søviknes.
LES OGSÅ: No skal det bli vanskelegare å kome inn på utdanningar.