Han har samla 200 avføringsprøvar frå heilage apar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje gi mat til apane

– Då apeflokken forlot overnattingsplassen sin, leita vi fram dei ferske avføringane, fortel John James Debenham.

Han fortel om feltarbeidet i oktober 2015, då han samla inn om lag 200 avføringsprøvar frå dei heilage Makakane i byen Chandigarh nord i India.

– Makakane lever tett på både lokalbefolkning og turistar. Det kan vere eit potensielt problem, både for menneska og apane, fortel stipendiaten, som opprinneleg er frå Australia.

JJDebenhamMicroscope2Web
Arbeidet som parasittforskar består stort sett i å samle bæsj frå ulike dyr rundt om i verda, og så analysere parasittane ved hjelp av eit mikroskop. Foto: Åsmund H. Eikenes

Smittefare
Ein av farane når menneske og dyr bur tett på kvarandre, er at dei kan smitte kvarandre med ulike sjukdommar.

– Mange barn i India blir smitta av parasittar som gir dei diaré, og som igjen fører til at barna vert underernærte, utviklar seg seint og får ein dårleg start på livet, seier Debenham.

Barna har tarmane fulle av parasitten Giardia, ein parasitt som smittar mellom menneske og apar. Debenham ville undersøke om parasitten hos dei indiske barna var den same som parasittane i dei lokale Makakane.

Når Giardia-parasitten vert skilt ut med avføringa lagar den eit tjukt skal på utsida, og vert kalla ein cyste. Cysten kan overleve lenge i vatn, og smittar både menneske og apar som drikk av vatnet.

LES OGSÅ: For å behandla lame trekkhundar treng me meir kunnskap.

Drikkevatn
Giardia er også parasitten bak utbrotet i Bergen i 2004, der 2500 menneske vart smitta grunna lekkasje mellom kloakksystem og drikkevatn. Når ein sau med magen full av parasittar døyr i Maridalsvatnet nord for Oslo, er det kollegaene til Debenham som bidreg til å avgjere når, og kor lenge, drikkevatnet i hovudstaden må kokast.

For å avgjere om ein person eller eit drikkevatn er smitta, treng forskarane nøyaktige testar som både er sensitive og spesifikke. Testen må kunne oppdage svært låge nivå av parasittar, men ikkje gi positivt svar på noko ufarleg som liknar.

– Ein by om natta
Framtida.no besøker stipendiaten på laboratoriet hans ved institutt for parasittologi ved Veterinærhøgskolen NMBU på Adamstuen i Oslo. Her nyttar Debenham eit mikroskop som det viktigaste verktøyet for å bekrefte eller avkrefte om ein prøve inneheld parasittane.

– Det er litt som å fly over ein by om natta. Det lyser opp der det er aktivitet, forklarar veterinæren.


For å få parasitten til å lyse opp i mikroskopet, tilsett Debenham eit antistoff som festar seg til overflata av dei ovale Giardia-cystene. På antistoffet er det festa eit fargestoff som absorberer og sender ut grønt lys i mikroskopet. Giardia-cystene har ein oval struktur, og er 8-12 mikrometer lange. Foto: Åsmund H. Eikenes

Mikroskopet er ikkje tilstrekkeleg for å avgjere kva for underkategori av Giardia dei har funne, så forskarane nyttar også DNA-analysar.

– Vi fann Giardiai avføringa frå 30 prosent av apane. Parasitten var av same typen som frå prøven vi fekk med oss frå ein person frå sjukehuset i byen, forklarar Debenham.

Resultata betyr at folk og apar i den indiske byen kan smitte kvarandre.

LES OGSÅ: Mikrobølgjemagi og Genteknologi

Ikkje gi mat til apane
Debenham estimerer at over 200 millionar menneske i utviklingsland er smitta av Giardia. Det er viktig å få oversikt over korleis dei ulike parasittane spreier seg, for å kunne sette igang riktig tiltak.

Koking av drikkevatn eller oppgradering av sanitærtilhøve er omfattande, langvarige og kanskje umoglege prosjekt, men det er andre tiltak som kan redusere smittefaren.

– Kanskje bør turistnæringa seie til dei besøkande at det ikkje er så lurt å gi mat til apane grunna smittefare, foreslår Debenham.

Førre månad konkluderte ein omfattande rapport med at tre av fem artar av primatar er utryddingstrua. Dei trekk fram auka kontakt og smitte mellom menneske og ville dyr som ein av grunnane til at populasjonane minkar.

– For å få til endringar til det beste for naturen og samfunnet, treng ein mellom anna antropologar, biologar og politikarar som samarbeider, seier Debenham.

Formidling
I videoen under kan du sjå Debenham saman med lamaer og ein boaslange medan han fortel meir om parasittar som smittar mellom menneske og dyr:

Les meir frå serien «Vis meg ein DINGS»

Faktaboks

Namn: JJ Debenham (29)

Stilling: Stipendiat i parasittologi ved NMBU Adamstuen

Forskingsprosjekt: kartlegging av zoonosar (bakteriar, virus og parasittar som smittar mellom dyr og menneske).

Dings: Fluorescensmikroskop