Sjå fordelinga av 2500 nye studenthyblar

I statsbudsjettet for 2017 lovar regjeringa 2500 nye studentbustadar. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå fordelinga av 2500 nye hyblar

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2017 løyvd pengar til 2.500 nye studentbustadar på landsbasis. Sjå heile fordelinga nedst i saka. 

 –Tilgang på rimelege og tilgjengelege studentbustadar er ein viktig forutsetnad for at alle skal ha lik moglegheit til å ta høgare utdanning. Det er behov for fleire studentboustadar, så eg er glad for at me kan gi tilskot til så mange nye studenthyblar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding. 

To veker etter studiestart førre sommar var 8700 studentar framleis i bustadkø.

No er det klart at 120 av dei nye bustadane blir bygd i Volda, skriv Vikebladet.

Utbygging i Volda
Hareidsordførar Anders Riise (Høgre) fekk æra av å presentere dette på vegne av regjeringa og Kunnskapsdepartementet.

Utbygginga er planlagt slik at dei nye studentbustadane vert liggande like ved Heltne Studentheim. Det skriv Høgskulen i Volda på sine heimesider.

– Supert! Dette er ei positiv utvikling som kan vere med på å bygge studiebygda vår enda sterkare, seier leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand, til HVO si nettside.

LES OGSÅ: Hard kamp om bustad for studentane.

Slik er fordelinga:  

Studentsamskipnaden i Sørøst- Norge, 280

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, 681

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, 400

Nord studentsamskipnad, 81

Norges arktiske studentsamskipnad, 150

Studentsamskipnaden i Østfold, 180

Studentsamskipnaden i Innlandet, 89

Studentsamskipnaden i Stavanger, 7

Studentsamskipnaden på Vestlandet, 362

Studentsamskipnaden i Volda, 120

Studentsamskipnaden i Ås, 150

Til saman: 2500