Fleirtal for eggdonasjon blant ungdomspartia

To parti er usikre, eitt er i mot. Resten av ungdomsparta seier ja.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsparti-ja til eggdonasjon

Det kjem fram i ei utspørjing gjort av Aftenposten denne veka. Kristeleg Folkepartis Ungdom er mot, medan Senterungdommen og Raud Ungdom ikkje har konkludert enno.

Framstegspartiets Ungdom, Unge Høgre, Unge Venstre, Grøn Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Arbeidernes Ungdomsfylking er alle for eit regelverk som gjer det lovleg å donere egg i Noreg.

Blant ungdomspartia er det berre Unge Høgre som går mot moderpartiet, der debatten om eggdonasjon har delt politikarar og veljarar i fleire år.

Ja-fleirtalet stemmer godt overeins med ei tidlegare undersøking av Respons for Aftenposten, der 68 prosent av dei spurde under 30 år var positive til eggdonasjon.

Les meir om forsking på kjønnsceller:

SPERM: I haust kom dei første rapportane om spermceller laga i laboratoriet.
EGG: I vinter kom nyhenda om at laboratorieproduserte eggceller hadde gitt opphav til friske, fruktbare mus.