Unge Venstre vil kutta eitt år i skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nasjonale prøvane viser at elevar som har foreldre med høgare utdanning gjer det langt betre enn resten, og at elevar av innvandrarforeldre heng etter. Ein fersk rapport frå SSB viser òg at det er store skilnader på kor mykje kvar skule bidreg til læringa til elevane. Dei beste skulane bidrar med eitt års læring meir enn dei skulane som bidreg med minst til læring.

– Det skal ikkje vera inntekta til foreldre eller sosial bakgrunn som avgjer om me får leva gode og meiningsfulle liv. Difor er det noko som gjeld alle når skulen ikkje er i stand til å jamna ut sosiale skilnader, seier Tord Hustveit, leiar av Unge Venstre til Framtida.no.

Flyttar ressursar til tidleg innsats

Unge Venstre går no inn for å gjennomføra forsøk med eitt år kortare skulegang for å kunna flytta ressursar frå slutten av skulegangen til dei første åra i skulegangen.

– Me veit at tidleg innsats virkar og at effekten av tiltak er størst viss dei blir sett tidleg inn i skuleløpet, held Tord Hustveit fram.

Unge Venstre-leiaren meiner tida er inne for å tenkja nytt.

– Med dei store teknologiske endringane og omstillinga me står overfor vil prisen for å falla utanfor bli større. Det blir difor viktigare enn nokosinne å ha ein skule som er i stand til å løfta alle elevar, seier Hustveit.

Unge Venstre vil no prøva å få forslaget inn i det nye valprogrammet til Venstre.

Forslaget inneber mellom anna at russetida må starta eitt år tidlegare – før mange av elevane har blitt 18 år.

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år

– Må heller finna ressursane andre stader

Iselin Nybø (V), 1. nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, seier dette om forslaget frå ungdomspartiet:

– Det er eit konstruktivt forslag ved at det gir ressursar til tidleg innsats, men eg tenkjer ikkje i dei banar. Me må heller finna ressursane til tidleg innsats andre stader.

Ho seier ho likevel ikkje heilt vil avvisa eit avgrensa forsøk med niårig grunnskule.

Skulepolitisk talsperson i Venstre, Iselin Nybø, er skeptisk til forslaget. Foto: Tone Staven/Venstre

LES OGSÅ: – Handlar om kva slags liv dei får som vaksne

Elevorganisasjonen: – Må gå drastisk til verks

– Me er samde med Unge Venstre om at ein må gå drastisk til verks for å jamna ut sosiale forskjellar i skulen, og få meir ressursar til tidleg innsats og fleire lærarar, seier Sylvia Lind, leiar i Elevorganisasjonen.

Men ho seier at Elevorganisasjonen ikkje er samd i å kutta det siste året i grunnskulen.

– Me vil heller ha kutt i talet på kompetansemål for å gi rom til djupnelæring, seier ho.


Sylvia Lind er leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Elev.no

LES OGSÅ: Kvifor er elevane i Sogn og Fjordane best?