Slik vil regjeringa skape betre utdanning
Fredag kom kvalitetsmeldinga for høgare utdanning. Her er kva det vil bety for deg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta med velvilje frå Studvest.
I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning», som presenterer tiltak som skal heve kvaliteten på høgare utdanning i Noreg. Særleg ønskjer kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen at meldinga skal gje studentar ei utdanning som gjer dei klare for arbeidslivet.
– Det er kanskje viktigare enn nokon gang, seier Røe Isaksen i ei pressemelding.
Dette er noko av det regjeringa ønskjer å gjennomføre:
1. Auka samspel mellom forsking og utdanning
I stortingsmeldinga er det lagt vekt på at samspelet mellom utdanning og forsking er viktig, fordi regjeringa meiner aktivitetane forsterkar kvarandre.
Her har NSO større forventingar til universitet og høgskular enn kva regjeringa har.
«Dei faglege tilsette har ei viktig rolle i å gjere utdanninga spennande og relevant for studentane, og bruke kunnskap frå forskinga for å skape innovative utdanningar», står det i meldinga. Dette svarer til forventingane til rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, som har uttalt at dette er eitt av dei viktigaste punkta for UiB.
– Vi forventa konkrete tiltak og håper at vi kan få sjå ein del av vore innspel, som til dømes mentorordning og forskningsbasert undervisning, samt nye evalueringsformer, sa han til Studvest i forkant av stortingsmeldinga.
LES OGSÅ: På NHH blir studentene nekta å klage på gruppeeksamen
Då statsministar Erna Solberg besøkte Norges Handelshøyskole i haust, la ho vekt på kunnskapstriangelet og at det er viktig med eit sampel mellom forsking, høgare utdanning og innovasjon for å lykkast med å skape og formidle god og relevant kunnskap.
Kunnskapstriangelet er noko som også går igjen i stortingsmeldinga. «Å styrke samspelet mellom dei tre elementa er viktig for at samfunnet skal få nytte av den kunnskapen som blir skapt, det kan påverke kva ein forskar på og styrke kvaliteten på sjølve kunnskapsutviklinga,» heiter det.
2. Studiestadene får bestemme opptakskrava sjølve
I meldinga stadfestast det at utdanningsinstitusjonane sjølv i stor grad må få bestemme eigne opptakskrav. Ved å rekruttere motiverte og kvalifiserte studentar vil høgskular og universitetar også kunne få betre læringsmiljø og høgare kvalitet på utdanninga, heiter det.
– Utover nasjonale krav treng det ikkje være departementet som skal detaljstyre karakterkrav på den enkelte utdanninga. Det kan vere institusjonane sitt eige ansvar, seier han.
LES OGSÅ: No skal det bli vanskelegare å koma inn på utdanningar
3. Ikkje lovfesta studentombod
Det blir ikkje lovfesta studentombod, slik det har vore håpa på blant mange. Eit slikt ombod skulle leiar av Norsk Studentorganisasjon (NSO), Marianne Andenæs, ønskt å sjå. Ho meiner at alle studentar i høgare utdanning skal ha rett på eit studentombod, som óg bør vere lovfesta. Her skuffar regjeringa, ifølgje henne.
– Vi er skuffa over at regjeringa ikkje slår fast at alle studentar skal ha tilgang til eit studentombod. Vi håpar at stortinget rettar opp dette i si behandling av meldinga.
Marianne Andenæs er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Foto: Skjalg Bøhmer Vold / NSO
4. Fleire studentar på utveksling
I stortingsmeldinga blir det lagt vekt på at fleire studentar bør reise på utvekslingsopphald i utlandet. Målet i meldinga er at 20 prosent av landet sine studentar skal reise på utveksling innan 2020.
NSO skriv i ei pressemelding at over halvparten av alle studentane vil til utlandet, men at det berre er 15 prosent som reiser. Studentar med internasjonal erfaring er viktigare enn nokon gong når dei skal møte den framtidige arbeidsmarknaden, skriv NSO. Kunnskapsdepartementet leverer svakt på dette området, meiner Andenæs, som har høgare krav:
– Her har NSO større forventingar til universitetar og høgskular enn kva regjeringa har. Vi meiner at minimum 30 prosent av studentane skal dra på utveksling, seier Andenæs.
LES OGSÅ: Vil gje lønnsauke til dei beste undervisarane
5. Talentdyrking i akademia
Eit av forslagene i stortingsmeldinga er å stimulere til utvikling av tilbod for dei mest motiverte og talentfulle studentane, til dømes med forskarlinjar på fleire studiar enn i dag.
– Eg er redd for at vi i ytst konsekvens går glipp av viktige talentar dersom vi ikkje legg til rette for dei mest motiverte og flinkaste studentane. Innanfor musikk og idrett har det lenge vore stuereint å satse på talentane. Det må det også bli i fleire fag i akademia, seier kunnskapsministeren.
– Høgare utdanning skal ikkje berre vera ei forlenging av skulen, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han la fram kvalitetsmeldinga. Foto: Runar B. Mæland
Les meir på Studvest.no!