Frp vil senke Noregs klimamål – kallar 55 prosent kutt urealistisk

Frp har ingen planar om at Noreg skal oppfylle klimamålet i Parisavtalen. – Tida for symbolpolitikk er forbi, seier klimapolitisk talsperson for partiet.

NPK-NTB
Publisert

Noregs klimamål i Parisavtalen er å kutte utsleppa av klimagassar med 55 prosent innan 2030. Men viss Frp kjem til makta, vil ikkje dette vere målet dei styrer etter.

Det seier Marius Arion Nilsen, Frps klimapolitiske talsperson, til Klassekampen.

– 55 prosent er eit heilt urealistisk mål som vi har stemt mot fleire gonger. Det er kostbar symbolpolitikk, seier Nilsen.

– Viss vi hamnar i regjering, er det med eit mål om å få realismen tilbake i klimadebatten. Det vil vere ei viktig sak for oss. Tida for symbolpolitikk er forbi, seier han vidare.

Til NRK tysdag sa Frp-leiar Sylvi Listhaug at Frp er med på at Noreg skal kutte 40 prosent.

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre og tidlegare klima- og miljøminister, seier det ikkje er nokon grunn til å senke ambisjonane på klimaområdet.

– Det er Stortinget som bestemmer klimamåla. Vi er samde om det klimamålet vi har og har ikkje tenkt å forandre på det, seier Rotevatn.